Tore O. Sandvik
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tore Onshuus Sandvik (fødd 31. august 1969) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, oppvaksen på Kolstad i Trondheim. Sidan 4. februar 2025 har han vore forsvarsminister i Støre-regjeringa.[1] Før det var han konstituert som klima- og miljøminister i regjeringa Støre medan Andreas Bjelland Eriksen har foreldrepermisjon frå 2. september 2024 til 31. desember 2024.[2]
Remove ads
Politisk karriere
Fylkesordførar
Han er tidlegare fylkesordførar i Trøndelag fylke, og var den siste fylkesordføraren i Sør-Trøndelag fylke. Han vart vald til fylkesordførar i 2003, og vart vald på nytt ved lokalvalet i 2007 etter at Arbeidarpartiet gjekk fram med 10,5 prosentpoeng til 41,3 prosent i fylkestingsvalet i Sør-Trøndelag.
Som fylkesordførar har Sandvik særleg vore oppteken av regional næringspolitikk, og har mellom anna vore med-initiativtakar til næringspolitisk regionalsamarbeid med Kina, og det bedriftsretta programmet «Innflagging Trøndelag». Han har også styrkt samarbeidet mellom styresmakter og NTNU, SINTEF og næringsliv i trøndelagsregionen.
Statssekretær
Sandvik har vore statssekretær to gongar: Nærings- og handelsdepartementet (2000–2001) og Nærings- og fiskeridepartementet (2023–2024).[2]
Andre verv
Sandvik har vore prosjektdirektør i IT-selskapet Extend AS. Før dette var han ungdomssekretær i LO i Sør-Trøndelag og visepresident i europeisk LO sin ungdomsorganisasjon, ETUC Youth.
Sandvik gav i 2004 ut boka Et nytt nei saman med partifellane Wegard Harsvik, Jo Stein Moen og Anne Marit Bjørnflaten.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads