Toshihide Maskawa

japansk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Toshihide Maskawa
Remove ads

Toshihide Maskawa (fødd 7. februar 1940 ) er ein japansk fysikar som er mest kjend for arbeidet sitt med CP-brot og for at han vart tildelt ein fjerdedel av Nobelprisen i fysikk i 2008 på grunn av oppdaginga hans av «opphavet til broten symmetri som indikerer eksistensen av minst tre familier av kvarkar i naturen».

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Han vart uteksaminert frå Nagoya University i 1962 og vart tildelt ein doktorgrad i partikkelfysikk frå same universitet i 1967. Ved universitetet i Kyoto på byrjinga av 1970-talet samarbeidde han tett saman med Makoto Kobayashi med å forklare broten symmetri òg kjend som CP brudd i standardmodellen for partikkelfysikk. Maskawa og Kobayashis teori krevde at der var minst tre generasjoner av kvarkar, ein føreseiing som vart stadfesta eksperimentelt fire år seinare med oppdaginga av botnkvarken.

Maskawa var direktør for Yukawa Institutt i for teoretisk fysikk i Japan mellom 1997 og 2003. Han er òg professor emeritus ved Kyoto University og professor ved Kyoto Sangyo University.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads