Kvark

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kvark
Remove ads

Ein kvark er i partikkelfysikken ein elementærpartikkel og er saman leptona dei minste byggesteinane ein kjenner i naturen i dag. Kvarkar vert rekna som punktforma elementærpartiklar. Dei opptrer aldri åleine, men dannar par eller triplettar som kan observerast i detektorar. Proton og nøytron består av tre kvarkar kvar. Elektrona består ikkje av kvarkar.

For mager, syrleg ostemasse, sjå kvarg.
Thumb
Eit proton er danna av to opp-kvarkar, ein ned-kvark og gluon.

Namnet kvark (engelsk quark) vart introdusert av Murray Gell-Mann ut frå eit sitat i Finnegans Wake av James Joyce: «Three quarks for Muster Mark!»

Remove ads

Typar og eigenskapar

Til no er det påvist seks typar kvarkar eksperimentelt, og ingen eksperiment tyder på at det finst fleire enn desse seks typane.

Meir informasjon Namn, Masse (1) ...

Eller, for å seie det enkelt, d u s c b t. For kvar av desse finst det ein tilhøyrande antipartikkel.

d- og u-kvarkane bygger opp dei partiklene som materien me omgås til dagleg består av, nemleg proton og nøytron, partiklane som bygger opp atomkjernane. Kvar partikkel består av tre kvarkar. Nøytronet er bygd opp av udd, og protonet av uud.

Remove ads

Kvark-gluon-plasma

Det har som nemnt over vore generell semje om at kvarkar ikkje kan eksistere fritt, sjå òg kvantekromodynamikk. Likevel lagar ein no modeller der dette kan vere mogeleg i nøytronstjerner. Kvarkane er ikkje heilt frie, då dei er avgrensa til det indre av stjerna. Kvarkane, og dei partiklane som fungerer som berarar av kreftene mellom dei, gluona, vil i ein slik modell saman danna eit plasma som har fått det karakteristiske namnet Kvark-gluon-plasma.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads