Tova

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tova er eit kvinnenamn og ei svensk (nordskandinavisk) form av den danske forma Tove. Namnet finst på runesteinar, men har sidan ikkje blitt brukt i Sverige før på 1900-talet. I seinare tid har bruke auka kraftig. Det finst òg eit hebraisk kvinnenamn Tova/Tovah (טוֹבָה), som tyder 'god'.[1]

I 2003 var det totalt cirka 1 800 personar i Sverige som hadde fornamnet Tova, cirka 1 500 hadde det som tiltalenamn. I 2003 fekk 228 nyfødde jenter namnet, og 206 fekk det som tiltalenamn.

Tova har ikkje namnedag i Noreg eller Sverige, men i Sverige var namnet i kalenderen fram til 1993, og hadde namnedag 2. november frå 1986 saman med Tove.

Remove ads

Kjende namneberarar

  • Towa Carson, svensk songar
  • Tovah Feldshuh, amerikansk skodespelear
  • Tova Magnusson Norling, svensk skodespelar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads