Trani

From Wikipedia, the free encyclopedia

Trani
Remove ads

Trani er ein hamneby i provinsen Bari i regionen Puglia i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg ved Adriahavet, om lag 40 km nordvest for Bari med jernbane.

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Historie

Byen hadde sitt opphav som Turenum i romartida. Han vart seinare erobra av langobardar og austromarar. Dei første sikre kjeldene om byen har ein frå 800-talet.

Gullalderen i Trani var på 1000-talet då han vart bispesete i staden for Kanossa, som vart øydelagd av sarasenarar. Hamna vart då kraftig utbetra og nytta som utgangspunkt for krosstoga. I år 1000 gav Trani ut Ordinamenta Maris, som vert rekna som den eldste maritime kodeksen i mellomalderen. I denne perioden slo mange mektige familiar frå dei store italienske maritime republikkane (Amalfi, Pisa og Venezia) seg ned i Trani. Trani fekk på si side ein konsul i Venezia på 1100-talet. Dei hadde òg konsulat i mange nordeuropeiske byar, sjølv i England og Nederland, og viser at Trani var ein viktig handelsmessig og politisk aktør i mellomalderen.

Thumb
Domkyrkja i Trani.

Keisar Fredrik II bygde eit massivt slott i Trani. Under hans styre, tidleg på 1200-talet, var byen på sitt rikaste.

På 1100-talet husa Trani alt det største jødiske samfunnet i Sør-Italia og var fødestad for ein av dei størse rabbiane i mellomalderen i Italia, Rabbi Isaiah ben Mali di Trani (1180-1250).

Trani kom ut for ei krise under Anjou og Aragon sine styre (1300-1400-talet), då jødane vart forfulgt. Under Huset Bourbon snudde Trani den negative trenden igjen, hovudsakleg på grunn av betre økonmiske tilhøve i Sør-Italia. Trani var provinshovudstad fram til napoleonskrigane, då Joachim Murat tok frå han denne statusen og gav han til Bari. I 1799 utførte franske troppar ein massakre av innbyggjarane i Trani sidan dei hadde gått inn i Den napolitanske republikken.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trani


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads