Trilogy av Emerson, Lake & Palmer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Trilogy er det tredje studioalbumet til den engelske progressiv rock-gruppa Emerson, Lake & Palmer, gjeve ut i juli 1972 på Island Records.
Trilogy gjorde ELP meir populære verda over, og inneheldt «Hoedown», eit arrangement av ein komposisjon av Aaron Copland. Denne har vore ein av dei mest populære songane på konsertane deira.
Remove ads
Bakgrunn og innspeling

I september 1971 tok bandet ei pause frå sommarenturneen sin i Nord-Amerika for å marknadsføre Tarkus (1971) og Pictures at an Exhibition (1971) og spelte inn nytt materiale for det neste studioalbumet. I mai 1972 vart innspelinga nemnt i eit musikkmagasin, men hadde då enno ikkje fått ein tittel.[2] Emerson var nøgd med albumet då det var fullført og omtalte den varierte og forskjellige stilen samanlikna med Tarkus.[2]
Plateomslaget vart designa av Hipgnosis. Det syner ei kombinert byste av dei tre medlemmane, medan innsida av albumet består av ein fotomontasje av dei tre i Epping Forest. [3] Den spanske kunstnaren Salvador Dalí vart spurt om å designe omslaget, men han kravde 50 000 amerikanske dollar for jobben, og vart avvist.[2]
Remove ads
Songar
«The Endless Enigma» er ein suite i tre delar. Den første delen byrjar med lyden av hjarteslag, som ein først trudde vart skapt på basstromma av Palmer, men som det sidan vart oppdaga vart skapt av Lake som spelte med dempa strenger på bassgitaren sin.
«From the Beginning» er ein dempa, akustisk gitar-basert song som nådde 39. plassen på den amerikanske singellista.[4] Songen har oftare vore med på samlealbum av ELP enn konsertane deira.[5]
Under trommesoloen som opnar «The Sheriff», slår Carl Palmer feilaktig kanten av tom-tommen med ei trommestikke. Ein kan høyre han seie «Shit!» om ein lyttar nøye etter. «The Sheriff» endar med ein honky tonk-aktig pianosolo med Palmer på treblokker.
«Hoedown» er ein versjon av «Hoe-Down» frå balletten Rodeo (1942) av Aaron Copland. det vart opningssongen for både Trilogy- og Brain Salad Surgery-turneane.
«Abaddon's Bolero» høyrest ut som ein bolero omgjort til ein marsj (i 4/4-takt i staden for den vanlege 3/4-takten). Songen heitte opphavleg Bellona's Bolero etter krigsgudinna.[6]Ein enkel melodi med mange modulasjonar vert repetert om og om att over eit stadig meir fyldig arrangement Det byrjar med eit roleg Hammondorgel som spelar ein fløyte-aktig lyd over ei skarptromme, og byggjer seg opp til ein mur av lyd – Maurice Ravel sin kjende Boléro nyttar ein liknande effekt. «Abaddon's Bolero» vart berre spelt nokre få gonger på konsertar, der Greg Lake spelte Mellotron og Moog synthesizer. Dette vart for vanskeleg og songen vart kutta frå setlistene.[7] Bandet henta fram att stykket for turneen i 1977, då dei vart akkompagnert av eit orkester.
Remove ads
Mottaking
Albumet nådde femteplassen på Billboard 200[10] og nådde andreplassen på den britiske albumlista.[11] Det låg fire veker på dansk topp 10 og nådde sjetteplassen der.[12]
Billboard hylla albumet for den «stadige forbetringa» til Keith Emerson på Moog synthesizer.[13] Robert Christgau skreiv «Pompøsiteten på Tarkus og monstrositeten på hyllesten til Mussorgsky går mot kvarandre her - desse karane er like dumme som den særs pretensiøse fansen deira.»[14]
Innhald
All tekst skriven av Greg Lake[3]; all musikk komponert av Keith Emerson utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
Emerson, Lake & Palmer
- Keith Emerson – Hammond C3 orgel, Steinway-piano, zurna (oppført som «Zoukra»), Moog synthesiser III-C, Mini-Moog model D synthesiser
- Greg Lake – vokal, bassgitar, elektrisk og akustisk gitarar
- Carl Palmer – trommer, perkusjon
Produksjon
- Eddy Offord – lydteknikar
- Greg Lake - produsent
- Barry Diament – mastering
- Hipgnosis – design og fotografi
- Phil Crinnell – farging
Singlar
- «From the Beginning» / «Living Sin» (USA)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads