Trine Bakke

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Trine Bakke (fødd 11. januar 1975), ei tid Trine Bakke Rognmo, er ein norsk tidlegare alpin skirennar frå Trondheim. Ho vann bronsemedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 1999 og gjekk til topps i to slalåmrenn i verdscupen i alpine greiner. Bakke var medlem i Byaasen SK til 1998, sidan i Freidig.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Bakke debuterte i verdscupen i 1994-sesongen. Ho deltok for Noreg under vinter-OLLillehammer, der ho vart nummer 19 i slalåm. Utover i 1997-sesongen byrja ho å nærme seg verdseliten i slalåm, med ein femteplass i Vail i mars månad som beste prestasjon. Den 1. mars 1998 fekk ho i Saalbach-Hinterglemm sin fyrste pallplass i eit verdscuprenn.

Midt i januar 1999 vann Bakke verdscuprennet i slalåm i St. Anton 1999, men høgdepunktet som alpinrennar opplevde ho då ho kapra bronsemedaljen i slalåm under VM 1999 i Vail, bak australske Zali Steggall og svenske Pernilla Wiberg. På nyåret 2000 tok Bakke i Maribor sin andre verdscuptriumf. Heilt på slutten av desember 2000 fekk ho dei to siste av totalt ti pallplasseringar i verdscupen, samtlege i slalåm.

Bakke heldt fram å tevle i verdscupen til 2006, og la opp etter 2009-sesongen.

Remove ads

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads