Troglav

From Wikipedia, the free encyclopedia

Troglav
Remove ads

Troglav er den høgaste toppen i fjellkjeda Dinara, og symboliserer Dei dinariske Alpane, den lengste fjellkjeda på Balkan. Troglav ligg i Bosnia-Hercegovina, og er kalla opp etter Triglav, ein slavisk gud. Namnet tyder bokstaveleg «med tre hovud».

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Troglavgruppa er rundt 30 km lang og 15 km brei, og den største i kjeda. På nordvestsida er fjellet skild frå Dinaragruppa av Privijapasset (1 230 m), og i søraust frå Kamešnicagruppa av Vaganjpasset (1 173 m), som knyter Sinj i Kroatia saman med Livno i Bosnia. På nordaustsida ligg den store karstsletta Livno (Livanjsko Polje; 700 m), som er 65 km lang. På sørvestsida, i Kroatia, ligg elvedalen Cetina med den 15 km lange innsjøen Peruča (Peručko jezero).

Den sørvestlege sida (kroatiske sida) stig oppover i få steg. Dei første stega stig opp til rundt 1 500-1 600 m. Opp til rundt 1 100 meter er fjellsida skogkledd, stort sett av eik og agnbøk, medan området over er graskledd. Bak ligg eit søkk, som er ein labyrint av toppar opp til 1 700 m, ryggar og platå, i lag med traktforma søkk inn i mellom. På ein del av platået kalla Vještičja Gora (rundt 1 400 m), sør for Troglav, er det ein større bøkeskog, som er godt synleg mot gras og stein i bakgrunnen. Bak dette området stig hovudryggen oppover.

Den nordaustlege sida (bosniske sida) er mykje brattare og stort sett skogkledd med bøk og gran.

Thumb
Troglav (raud trekant) og innsjøen Peruča sett frå Svilaja


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads