Trollmann

magibrukar From Wikipedia, the free encyclopedia

Trollmann
Remove ads

Trollmann, trollkar eller trollkall er nemningar for ein mann som ein meiner kan utføra trolldom. Den kvinnelege motparten er trollkjerring eller heks. Det finst førestillingar om trollmenn i ei rekkje kulturar, og dei opptrer i ulike roller i litteraturen. Nokre kjende oppdikta trollmenn er mellom anna Merlin i kong Artur-soga, Gwydion frå walisisk mytologi, og Harry Potter i Harry Potter-universet frå moderne litteratur.

Thumb
Trollmannen Merlin.
Remove ads

Tradisjonar

I mange ulike samfunn finst eller har det vore førestillingar om at visse menn kan utføra trolldom. Dette kan vera knytt til ein utbreidd religion eller folketru, som sjamanisme eller animisme, eller eksistera på sida av ein religion som ikkje godtek trolldom, som kristendom eller islam. I europeisk tradisjon finst til dømes Svarteboka, ei samling oppskrifter på lækjemiddel og magiske formular tilskrivne Cyprianus, ein trollmann i nokre tradisjonar. Under hekseforfølgingane i Europa blei også ein god del menn drepne som trollmenn.

Remove ads

Sjå og

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads