Tschingelhorn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tschingelhorn (3562 m) er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Kantongrensa mellom Bern og Valais går over fjelltoppen. Fjellet er elles med i verdsarvområdet som vart oppretta kring Jungfrau og Aletschgletscher.
Remove ads
Heinrich Feuz, W. H. Hawker, Christian Lauener og Ulrich Lauener var dei første som nådde toppen av fjellet, den 6. september 1865.
Remove ads
Briten W.A.B. Coolidge sin hund Tschingel, som elles var ei gåve til Coolidge frå den sveitsiske fjellføraren Christian Almer, var oppkalla etter fjellet Tschingelhorn. Hunden, ei tispe, var med på elleve fyrstebestigingar i Alpane og gjennomførte 66 såkalla grandes courses, storturar. Hunden vart føreslått til æresmedlem av Alpine Club, noko som vart avvist med tilvising til kjønn.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Tschingelhorn» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads