Tuba-Zangariyye

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tuba-Zangariyye
Remove ads

Tuba-Zangariyye eller Tuba az-Zanghariyya (arabisk طوبه زنغرية, hebraisk טוּבָּא-זַנְגָרִיָה) er ein beduin-by i Nord distrikt i Israel som fekk lokal kommunestatus i 1988. Han vart danna då to landsbyar, Tuba og az-Zangariyye, vart slått saman. Han er folkesett av beduinstamma El Heib. Tuba ligg nær Kfar Hanassi, oppom Jordanelva.[1] Byen ligg 250 meter over havet. I 2009, hadde byen eit folketal på 6 000.[2]

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Osmansk tid

Landsbyen vart kalla opp etter beduinstammene 'Arab al-Zanghariyya og 'Arab al-Hayb', som budde i telt nær Ein Tuba. Nomadane budde først i teltleirar go seinare i landsbyar, grunnlagde i 1903.

Det britiske mandatet

Beduinane i Tuba hadde lenge hatt tette band til dei nærliggande jødiske samfunna og hjelpte med forsvaret av desse i arabararopprøret i Palestina i 1936–1939. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 danna innbyggjarane ein allianse med Haganah, og forsvarte jødiske samfunn i Øvre Galilea mot Syria. Somme vart med i eininga Pal-Heib i Haganah.[3]

Staten Israel

Byane vart erobra av Haganah-styrkar den 4. mai 1948 under ein deloperasjon av Operasjon Yiftach. Al-Zangariyye vart i røynda øydelagd, medan Tuba ikkje vart angripen av dei israelske styrkane og stod urørt. Dei fleste innbyggjarane som flykta frå ei to landsbyane før dei vart erobra, flytta austover til Syria, men mange frå al-Zangariyye flykta berre til Tuba.[4]

Moskébran

Thumb
På veg inn i Tuba Zangariya

I oktober 2011 vart ein av moskeane i byen sett i brann.[5] Åtaket sjokkerte israelarar, sidan mange beduinar, inkludert dei frå denne landsbyen, tente i Det israelske forsvaret. Den israelske presidenten Shimon Peres fordømde åtaket og sa «Det er samvitslaust at ein jøde skulle gjere skade på noko som er heilag for ein annan religion ... Me ville ikkje tillate ekstremistar eller kriminelle å underskjere behovet å leve saman i likskap og gjensidig respekt.»[6]

Det var mange indikasjonar på at det var lokale arabiske innbyggjarar som hadde sett moskeen i brann. Moskeen låg nær bustadhus i landsbyen og det var fleire andre moskear mykje nærare hovudvegen, som ville ha vore enklare for folk utanbygds å setje i brann.[7] Ungdom i landsbyen svarte med å setje ein lokal kommunebygning i brann og brenne ned ei jødisk-eigd eng i nærleiken.[8]

Remove ads

Sjå òg

  • Arabiske stader i Israel

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads