Tubular Bells II
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Tubular Bells II er det femtande studioalbumet til det engelske musikaren Mike Oldfield, utgjeve 31. august 1992 på WEA og Reprise Records som ein oppfølgjar til debutalbumet hans, Tubular Bells (1973). Etter at kontrakten hans med Virgin Records enda i slutten av 1991, signerte Oldfield for Warner og byrja på ein oppfølgjar til Tubular Bells. I 1998 gav Oldfield ut Tubular Bells III.
Albumet nådde toppen av den britiske albumlista, slike føregangaren gjorde. Det er det tredje albumet til Oldfield (etter Tubular Bells og Hergest Ridge) som klarte dette, og så langt hans siste.
Remove ads
Bakgrunn
I desember 1991 var kontrakten til Oldfield med Virgin Records over. Denne hadde vart sidan 1972, då han var den første artisten som signerte for selskapet. Virgin hadde pressa Oldfield om å lage ein oppfølgjar til Tubular Bells (1973) i mange år, men Oldfield nølte, dels fordi han var stadig meir misnøgd med mangelen på støtte frå Virgin og ein krangel mellom han sjølv og sjefen i selskapet, Richard Branson. Oldfield meinte òg at ein oppfølgjar i 1970-åra, kort tid etter utgjevinga, ville ha vore «altfor opplagt» og ført til at han hadde gått tom for idear.[2] Albumet hadde vore det bestseljande albumet til Oldfield og halde fram å selje kring 100 000 eksemplar kvart år.[3] Etter å ha gjeve ut Heavens Open (1991), det siste albumet sitt for Virgin, kjende Oldfield at tida var rett for ein oppfølgjar til Tubular Bells. Før han byrja å skrive lytta han til originalalbumet og kartla komposisjonen i forskjellige fargekodar. Han signerte ein avtale for to plater med Rob Dickins, styreformannen i den britiske avdelinga til Warner Music.[2][3] Oldfield lovpriste styret i Warner for at dei uttrykte interesse i musikken hans og kom med konstruktive forslag som kunne hjelpe salet utan at han kjende seg «fastbunden», slik han gjorde med Virgin.[2]
For Tubular Bells II henta Oldfield hjelp hos Tom Newman, som hadde vore med å produsert originalen, og den kjende produsenten Trevor Horn (kjend for arbeidet sitt med The Buggles, Yes og Art of Noise). «Early Stages» som er ein tidleg versjon av det som kom til å bli «Sentinel», kom ut som B-side av singelversjonen av «Sentinel». «Early Stages» har ei noko mørkare stemning og er frå tida før Trevor Horn kom inn i biletet.
Under eit møte i høve 45-årsjubileet til Tubular Bells i Storbritannia den 9. juni 2018, sa Tom Newman at då Horn kom inn, føreslo han raskt at instrumenta skulle lagast i sekvens på ein datamaskin, heller enn å spelast for hand. Dette førte til mykje krangling mellom han sjølv og Horn.
Remove ads
Samanlikningar med Tubular Bells
Tubular Bells II følgjer delvis den same musikalske strukturen som originalen frå 1973. Tema frå originalen er nytta og så fullstendig om-komponert og spelt med hovudsakleg nye instrument. Resultatet er eit album som har same tematiske variasjon, men som framleis er nytt musikalsk. Somme tema kan reknast som variasjonar av tema frå originalen, med andre partar av ikkje har noko felles med originalen, utanom stemninga eller kjensla.
I motsetnad til Tubular Bells er det eit tema som går att, som først dukkar opp mot slutten av «Sentinel». Dette er mest tydeleg mot slutten av «The Bell».
I 1998 kom enno ein oppfølgjar, Tubular Bells III, og i 2003 gav Oldfield ut ein heilt nyinnspelt versjon av Tubular Bells, som Tubular Bells 2003.
Remove ads
Seremonimeister
På første halvdel av albumet vert instrumenta introdusert av den britiske skodespelaren Alan Rickman, men står ikkje oppført i omslaget som noko anna enn «a strolling player» fordi han ikkje var blitt vald ut då plateomslaget vart laga. Seremonimeisteren på urpremieren av konserten i Edinburgh var John Gordon Sinclair.
På alternative miksar av «The Bell av Mike Oldfield», gjeven ut som B-sider på singlar, var Billy Connolly og Vivian Stanshall (røysta på den originale Tubular Bells) seremonimeistrar. På to B-sider av «The Bell» spelt inn på andre språk, var den tyske komikaren MC Otto og spanske MC Carlos Finally seremonimeistrar.
Titlar
Somme av titlane på albumspora var teken frå novellene til Arthur C. Clarke, inkludert «The Sentinel» og «Sunjammer». Andre titlar kan vere referansar til science fiction, eller verdsrommet generelt, som «Dark Star» og «Weightless».
Oldfield har stundom kalla somme av spora på albumet andre namn i intervju, som då han ein gong skulle spele «Red Dawn» på BBC Radio 2 og kalla denne «Russian». Tittelen «Russian» vart seinare gjeven eit liknande stykke på den nyinnspelte versjonen av originalen av Tubular Bells, Tubular Bells 2003.
Remove ads
Plateomslag
Tubular Bells II nyttar igjen eit bøygd metallrøyr (som representerer ei bøygd røyrbjølle) på omslaget. Bjølla har gullfarge mot ein mørkeblå bakgrunn. Omslaget vart skapt av Trevor Key, som òg laga det originale omslaget.
Mottaking
Albuemt fekk blanda kritikk då det kom, sjølv om det nådde toppen av albumlistene i fleire land.[4][5] Magasinet Q skildra det som «meir konsistent, men mindre melodi-glad enn TBI» og trekte fram «eventyrstøvet til produsenten Trevor Horn» som ein fordel.[6]
Innhald
Alle songar skrivne og komponerte av Mike Oldfield.
Remove ads
Medverkande
- Mike Oldfield – akustisk gitar, 12-strengsgitar, banjo, klassisk gitar, elektrisk gitar, bassgitar, flamencogitar, klokkespel, Lowreyorgel, Hammondorgel, Farfisaorgel, mandolin, perkusjon, piano, synthesiser, pauker, røyrbjøller, vokal
- Alan Rickman (oppført som «A Strolling Player») – seremonimeister
- Sally Bradshaw – vokal
- Celtic Bevy Band – sekkepipe
- Eric Caudieux – programmering og digitale lydar
- Edie Lehmann – vokal
- Susannah Melvoin – vokal
- Jamie Muhoberac – klaverinstrument, spesialeffektar
- Steve Payne – bassgitar
- Sekkepipespelarar frå Los Angeles Police Department (oppført som P.D. Scots Pipe Band for å unngå kontroversane kring opprøra i Los Angeles 1992)[7] – sekkepiper
- John Robinson – trommer på «Altered State»
Salslister
Remove ads
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads