Tusk av Fleetwood Mac
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tusk er det 12. albumet til det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac. Det kom ut i 1979 og vart rekna som eksperimentelt, særleg fordi Lindsey Buckingham skreiv songar med enklare arrangement påverka av punkrock og new wave. Bassisten John McVie har sagt om albumet at det høyres ut som «verket til tre soloartistar» (Buckingham, Stevie Nicks og Christine McVie), medan Mick Fleetwood seinare hevda at det var favorittalbumet hans og det beste Fleetwood Mac spelte inn i studio. Det kosta over ein million dollar å lage og var til då det dyraste rockealbumet som var laga.
Tusk nådde fjerdeplassen i USA og låg fem månader inne på topp 40. Det selde til dobbel platina for to millionar selde eksemplar.[6] Det nådde førsteplassen i Storbritannia og selde til platina der for 300 000 selde eksemplar[7]. To av singlane frå albumet nådde topp 10 i USA, tittelsporet (US #8/UK #6) av Buckingham, og «Sara» (US #7/UK #37) av Stevie Nicks. Andre singlar frå albumet var «Not That Funny» (berre i Storbritannia), «Think About Me» og «Sisters of the Moon», som var mindre suksessrike. Dei to sistnemnde er med i singelversjonane sine på samleplata The Very Best of Fleetwood Mac. «Sara» vart korta ned til 4½ minutt for både singelen og den første CD-utgåva av albumet, medan den uredigerte versjonen har vore nytta på Greatest Hits-albumet i 1988 og 2004-utgåva av Tusk. Den originale gitaristen i bandet, Peter Green, var òg med på innspelinga av Tusk, men spelinga hans på Christine McVie-songen «Brown Eyes» er ikkje omtalt på plateomslaget.[8] Ein alternativ versjon av songen (som er kring 30 sekund lenger) kom med på 25 Years – The Chain og ein kan då enkelt høyre den særeigne gitaren til Green, særleg mot slutten av songen.
Sjølv om albumet selde 4 000 000 eksemplar verda over og vart nominert til ein Grammy-pris i 1981, vart det samanalikna med det enorme salet til Rumours og den særs dyre innspelinga, av plateselskapet rekna som ein fiasko, og la skulda på Buckingham.[9] Fleetwood meiner at det dårlege salstalet kom av at radiokjeda RKO spelte heile albumet før det kom ut, slik at folk kunne ta det opp på lydband.[10] I tillegg var Tusk eit dobbeltalbum, som dermed var dyrare enn vanlege album.
Bandet la ut på ein 18 månadar lang turné for å marknadsføre Tusk. Dei reiste verda over, inkludert USA, Australia, New Zealand, Japan, Frankrike, Belgia, Tyskland, Nederland og Storbritannia. Det var på denne turneen dei spelte inn musikken som kom ut på Fleetwood Mac Live i 1980.
I 2013 rangerte NME Tusk på 445.plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[11]
Remove ads
Innhald
Nymastra dobbel luksusutgåve
Ei nymastra versjon av albumet kom ut i 2004 på to CD-plater. Det inneheldt heile originalalbumet på den første plata, og forskjellige demoversjonar, unytta opptak og alternative versjonar på den andre plata.
Bonus CD
Remove ads
Medverkande
Fleetwood Mac
- Lindsey Buckingham – gitar, piano, bassgitar, trommer, perkusjon, munnspel, vokal
- Stevie Nicks – vokal, klaverinstrument
- Christine McVie – klaverinstrument, piano, trekkspel, vokal
- John McVie – bassgitar
- Mick Fleetwood – trommer, perkusjon
Andre medverkande
- USC Trojan Marching Band – perkusjon, blåsarar – på «Tusk»
- Peter Green – gitar – spelar på «Brown Eyes»[8]
Produksjon
- Produsentar: Fleetwood Mac, Richard Dashut, Lindsey Buckingham
- Lydteknikarar: Lindsey Buckingham, Richard Dashut, Ken Caillat,
- Assisterande lydteknikarar: Rich Feldman, Hernan Rojas
- Mastering: Ken Perry
- Remastering: Ken Caillat
- Fotografi: Peter Beard, Jayme Odgers, Norman Seeff
- Kunstnarisk leiing: Vigon Nahas Vigon
- Design: Vigon Nahas Vigon
Lister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads