Tvorchi

ukrainsk musikkduo From Wikipedia, the free encyclopedia

Tvorchi
Remove ads

Tvorchi er ein ukrainsk elektronika-duo frå Ternopil. Bandet blei danna i 2018 av musikkprodusenten Andrij Hutsuljak og vokalisten Jimoh Augustus Kehinde, kjend som Jeffery Kenny. Duoen har gjeve ut fire studioalbum: The Parts (2018), Disco Lights (2019), 13 Waves (2020) og Road (2020). I desember vann Tvorchi den ukrainske musikktevlinga Vidbir og representerte Ukraina i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Heart of Steel».

Thumb
Tvorchi Ukrsongroject 2022 i Gdańsk i Polen.
Kjappe fakta Aktiv, Sjanger ...
Remove ads

Bakgrunn

Thumb
Tvorchi i 2019.

Tvorchi består av Andrij Viktorovytsj Hutsuljak (ukrainsk Андрій Вікторович Гуцуляк; fødd 21. februar 1996 i Vilkhovets i Tsjortkiv rajon) og Jimoh Augustus Kehinde (kallenamn Jeffery Kenny; fødd 30. september 1997 i Nigeria). Dei to møtte kvarandre i 2017, da Hutsuljak tilfeldigvis vende seg til Kenny på gata. Dette var ein del av eit videoprosjekt for sosiale medium, der Hutsuljak skulle teste engelskkunnskapane til folk.[1] Møtet utvikla seg til eit venskap og musikalsk samarbeid, der ukrainske Hutsuljak blei musikkprodusent og nigerianske Kenny blei låtskrivar og vokalist. Begge studerte ved det farmasøytiske fakultet ved Ternopil nasjonale medisinske universitet.[2][3][4]

Musikalsk samarbeid

Duoen slapp sin fyrste singel, «Slow», 30. mai 2017, og i september kom oppfølgjarsingelen «You». Tidleg i 2018 danna dei bandet Tvorchi og gav ut debutalbumet The Parts 2. februar 2018. I september same år slapp duoen musikkvideoen for låten «Molodist» (ungdom).[5]

Oppfølgjaralbumet Disco Lights kom 14. februar 2019, og ei veke seinare slapp gruppa ein musikkvideo av hovudsingelen på albumet, «Believe».[6][7][8] Songen fekk i løpet av eit par dagar over 400 000 syningar på YouTube, og songen nådde ein niandeplass på Google Play-lista i Ukraina.

Same sommar opptredde duoen på fleire musikkfestivalar: Faine Misto (Ternopil), Atlas Weekend (Kyiv) og Ukrainian Song Project (Lviv).[9][10] I september slapp han singelen «#не танцюю».

Remove ads

Vidbir og Eurovision Song Contest

Thumb
Tvorchi på scena under Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

I februar 2020 deltok Tvorchi musikktevlinga Vidbir med songen «Bonfire», der han enda på fjerdeplass i finalen.[11][12] Seinare same år slapp duoen albuma 13 Wawes og Roads inkludert flere medfølgjande singlar. Duoen blei nominert i fleire kategoriar til ulike ukrainske musikkutmerkingar i 2020 og 2021: Culture Ukraine og YUNA 2021.

I desember 2022 deltok Tvorchi på ny i den ukrainske musikktevlinga Vidbir, denne gongen med låten «Heart of Steel».[13] Vinnaren fekk representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2023. Den ukrainske finalen fann stad i ein underjordisk t-banestasjon som følgje av den pågåande krigen mot Russland.[14]

Duoen vann Vidbir med nest flest røyster frå fagjuryen og flest røyster frå sjåarane. Gjennom sigeren fekk duoen representere Ukraina i finalen av Eurovision Song Contest i Liverpool laurdag 13. mai 2023.[15] Der enda han på sjetteplass.[16]

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads