Two Against Nature

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Two Against Nature er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Steely Dan. Det var det første studioalbumet deira på 20 år og vart spelt inn frå 1997 til 1999[1] og gjeve ut 29. februar 2000 på Warner Bros. Records.[2]

Meir informasjon Steely Dan-kronologi, Singlar frå ...

Two Against Nature fekk god kritikk og vann fire Grammyprisar: Årets album, beste popvokalalbum, beste lyd innan ikkje-klassisk musikk og beste popsong av ein duo eller ei gruppe med vokal (for singelen «Cousin Dupree»). Albumet selde òg godt og nådde sjetteplassen på den amerikanske Billboard 200-lista. I alt selde det meir enn éin million eksemplar,[3] og gav gruppa ei platinaplate i USA.[4]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Two Against Nature vart møtt med god kritikk då det kom ut.[15]Metacritic, som gjev ein normalisert rating opp til 100 basert på profesjonelle meldinga, har albumet oppnådd 77 poeng av 100, basert på 13 meldingar.[2] I mars 2000 applauderte Robert Christgau for The Village Voice musikken på albumet som eit glimrande «rockecomeback» og ein «meir spretten, surare, vanskelegare og mindre beroligande» utgåve av jazzpopen frå albumet deira Aja frå 1977, og skildra det som «postfunk». Tematisk fann han sameinga av oppdikta, men openbarande forteljingar om «skitne gamle menn» som søker «validering» og «spaning» i sexliva sine, som er «fulle av hissige forelskingar og tilfeldige grufulle, eigenintersserte og sjølvhatande handlingar, og vonde syklusar som bles varmt eller kaldt».[16] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic likte den «skarpe humoren» i tekstane, men var særskild imponert over «djupna og karakteren» i musikken, då han observerte «nesten endelause permuteringar i signaturstilen deira».[5] Pitchfork-skribenten Brent DiCrescenzo hadde ei anna meining og avskreiv songane som «lange og vanskelege å skilje frå kvarandre» og «glansfarga bop-pop» som indikerte at Steely Dan mangla «sjel».[10]

Under Grammyprisutdelinga i 2001 vann Two Against Nature Steely Dan fire prisar: for årets album, beste popvokalalbum, beste lyd for ikkje-klassisk musikk og beste popsong av ei ein duo eller ei gruppe (for singelen «Cousin Dupree»). Bandet var i alle kategoriane i konkurranse med yngre, meir populære artistar, som NSYNC, Britney Spears, Radiohead, Beck og Eminem. I følgje Stereogum-skribenten Zach Schonfeld representerte suksessen til Steely Dan på Grammy-utdelinga «ein hemn for babyboomerar» og bidrog til harme frå yngre lyttarar mot bandet: Synet av to sjølvtilfreds jazzrocknørdar som henta ein Grammy frå Stevie Wonder medan Radiohead og Beck drog heim utan nokre prisar er med på å forklare kvifor så mange Generasjon X-folk og eldre millennials voks opp med å hate Steely Dan og Grammys like mykje. Det er unødvendig å sei at dei elliptiske karakterstudiane til Steely Dan sett til «sleazy» yacht rock, ikkje talte til misnøgd, amerikansk ungdom på same måte som, til dømes The Marshall Mathers LP gjorde.»[17]

Steely Dan marknadsførte albumet med ein turné i Nord-Amerika, Europa og Japan. Turneen vart ein stor suksess og oppmuntra dei til å spele inn albumet Everything Must Go i 2003.[15]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Walter Becker og Donald Fagen

Medverkande

Steely Dan

Andre medverkande

Produksjon

  • Produsentar: Walter Becker, Donald Fagen
  • Leiande lydteknikar: Roger Nichols
  • Lydteknikarar: Phil Burnett, Per-Christian Nielsen, Johan Edlund, Anthony Gorman, Roger Nichols, Ken Ross, Dave Russell, Jay A. Ryan, Elliot Scheiner, Peter Scriba
  • Miksing: Roger Nichols, Dave Russell
  • Mastering: Scott Hull
  • Assistants: Suzy Barrows, Reaann Zschokke
  • Teknikar: Roger Nichols
  • Klipp: Jan Folkson
  • Blåsararrangement: Walter Becker (1), Donald Fagen (1, 2, 4-6), Michael Leonhart (1, 3)
  • Prosjektleiar: Jill Dell'Abate
  • Prosjektkoordinator: Suzana Haugh
  • Konsulent: Michael Leonhart
  • Pianostemmar: Sam Berd
  • Elektrisk piano-teknikar: Edd Kolakowski
  • Design: Carol Bobolts
  • Fotografi: Michael Northrup/Jason Fulford
  • Avskrivar: Michael Leonhart
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (2000), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads