Two Sides to Every Story
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Two Sides to Every Story er eit studioalbum frå 1977 av den amerikanske songar-låtskrivaren Gene Clark. Albumet var det første Clark gav ut sidan No Other i 1974. Dei mest kjende songane på albumet er «In the Pines» (tradisjonell), «Kansas City Southern» og «Hear the Wind», begge skrivne av Clark, og «Give My Love to Marie», ein song skriven av James Talley som fortel soga om ein døyande kolgruvearbeidar.
Albumet vart produsert av Thomas Jefferson Kaye. Blant musikarane på albumet finn ein Jeff Baxter, Emmylou Harris, Byron Berline, Al Perkins og John Hartford.
Remove ads
Mottaking
Musikkritikaren Matthew Greenwald skreiv for Allmusic at «materialet er ujamt, særleg når Clark prøver å rocke på. Men musa til Clark hjelper han til stadig sjølv under pinlege forhold, og Two Sides har fleire glimrande augneblink. Sjølv om dette er langt unna eit meisterverk er det likevel tydeleg arbeid frå ein meisterleg songar og låtskrivar, og dei beste augneblinka her er rett og slett magiske.»[1] Hal Horowitz i American Songwriter skreiv «Det er lågmælt, men likevel herleg direkte som stundom rockar og syner den deilige underdrivne vokalen til Clark.»[2]
Remove ads
Nyutgjeving
Tidleg i 2013 kom albumet ut med nymastra lyd på vinyl. Utgåva kom med eit kort for nedlasting av bonusspor. Våren 2014 kom den same utgåva ut på CD.[9]
Innhald
Alle songar av Gene Clark; utanom der andre er nemnde.
Medverkande
- Gene Clark - gitar, vokal
- Jeff Baxter - gitar
- Doug Dillard - banjo
- Byron Berline - fele
- Jim Fielder - bass
- Mike Utley - klaverinstrument
- Jerry McGee - gitar
- Al Perkins - gitar
- Sammy Creason - trommer
- John Hartford - korvokal
- Emmylou Harris - korvokal
- Steven Soles - korvokal
- Thomas Jefferson Kaye - korvokal
- Daniel Moore - korvokal
- Matthew Moore - korvokal
- Pepper Watkins - korvokal
- David Campbell - strykearrangement
Remove ads
Produksjon
- Produsent: Thomas Jefferson Kaye
- Leiande produsent: Gary Legon
- Lydteknikar: Joel Soifer
- Kunstnarisk leiar: Ed Caraeff
- Fotografi: Ed Caraeff
- Design: David Larkham
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads