Jim Fielder
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jim Fielder (fødd 4. oktober 1947 i Denton i Texas) er ein amerikansk bassist, mest kjend for å vere ein av dei originale medlemmane i Blood, Sweat & Tears.
Remove ads
Fielder gjekk på Loara High School i Anaheim i California. Medan han var ved Loara, vart den unge Fielder ven med klassekameratane Tim Buckley og Larry Beckett, eit venskap som fekk Fielder inn i musikkindustrien.[1] Før han vart med i BS&T arbeidde han med Buckley, og spelte i fleire andre kjende band som Mastin & Brewer med Mike Brewer og Billy Mundi, The Mothers of Invention og Buffalo Springfield.
Etter han slutta i BS&T, arbeidde Fielder mykje som studiomusikar. Han har ofte spelt i bandet til Neil Sedaka.
Remove ads
Diskografi
Alle albuma er med Blood, Sweat & Tears utanom der andre er nemnde.
- Absolutely Free (1966) – med The Mothers of Invention
- Buffalo Springfield Again (1967) – med Buffalo Springfield på «Everydays»
- Child Is Father to the Man (1968) – RIAA gullplate, #47
- Tell It Like It Is (A&M/CTI, 1969) – med George Benson
- Blood, Sweat & Tears (1968) – Grammyprisen for årets album i 1970, RIAA 4 x platinaplate, førsteplass i USA
- Blood, Sweat & Tears 3 (1970) – RIAA gullplate, #1
- Blood, Sweat & Tears 4 (1971) – RIAA gullplate, #10
- New Blood (1972) – #32
- No Sweat (1973) – #72
- What Goes Up! The Best of Blood, Sweat & Tears (1995)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads