Ullensvang herad

tidlegare kommune i Hordaland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Ullensvang herad
Remove ads

Ullensvang herad var ein kommune i Hardanger i det tidlegare Hordaland fylke. Ullensvang var ein av dei kommunane i landet som nytta nemninga «herad» i staden for «kommune». 1. januar 2020 vart kommunen slegen saman med Odda kommune og Jondal kommune til Ullensvang kommune.

Denne artikkelen handlar om den tidlegare kommunen. For den nye kommunen, sjå Ullensvang kommune.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Geografi

Heradet grensa i nord mot Granvin herad og Ulvik herad, i nord og aust mot Eidfjord kommune, i aust mot Vinje kommune i Telemark fylke, i sør mot Odda kommune, og i vest mot Jondal kommune. Vest for Hardangerfjorden ligg Kvam herad. Lokalavisa Hardanger Folkeblad («Folkablae»), som kjem ut i Odda, dekte Ullensvang herad.

Heradet låg på båe sidene av Sørfjorden i Hardanger, på sør- og nordsida av Utnefjorden, på vestsida av indre Samlafjorden, på vest- og austsida av den sørlege delen av Eidfjorden. Langs Samlafjorden ligg gardane Litlås og Storås, Kvalvik, Alsåker, Vines, Lote og Hesthamar. På sørsida av Utnefjorden ligg Utne, på nordsida Tjoflot og Ulgenes. På vestsida av Eidfjorden ligg Kaland og Djønno, på austsida Ytre Bu og Ringøy. Nordaust for innlaupet til Sørfjorden ligg Kinsarvik. På austsida av Sørfjorden ligg Urheim, Lutro, Lofthus, Opedal, Børve, Sekse, Hovland, Espe og Fresvik. På vestsida av Sørfjorden, nordover frå Odda mot Utne ligg Kvitno, Eikhamrane, Måge, Bleie, Reidsete, Vikebygd, , Rogdo, Aga, Velure, Jåstad, Haustveit, Hauso, Grimo, Langasete og Trones.

Nordre snutten av Folgefonna ligg i heradet. Mykje av vestsida av Hardangervidda utgjorde størstedelen av arealet til heradet og over 80 % av arealet i Ullensvang låg 900 meter eller meir over havet.

Det høgaste punktet i Ullensvang var Hårteigen, 1690 meter over havet.

Thumb
Utsikt frå Tjoflot inn mot Kinsarvik og Lofthus i Hardangerfjorden. I front deler fjorden seg i Sørfjorden og Eidfjord.
Foto: G.K.Tjoflot
Remove ads

Historie

Kommunen heitte fram til 1870 Kinsarvik, då skifta kommunen namn til Ullensvang. I 1913 vart så Ullensvang delt i tre, Odda, Ullensvang og Kinsarvik. I 1964 vart Ullensvang slege saman med Åsgrenda frå Kvam herad, Eidfjord kommune og Kinsarvik herad med unntak av Kvanndalsområdet på nordvestsida av Hardangerfjorden. Eidfjord vart skild ut att som eigen kommune i 1977.

Folketalsutvikling

I tiårsperioden 1996–2006 gjekk folkemengda i Ullensvang tilbake med 10,4 % mot 7,3 % i Hardanger som heilskap.

Folketalsutvikling for noverande Ullensvang kommune frå 1920:

Meir informasjon År, Bef. ...
  1. Talet omfattar området rundt Kvanndal i gamle Kinsarvik kommune, som ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Granvin kommune. Dette området hadde då 72 innbyggjarar. Talet omfattar ikkje området Åsgrenda som låg i Kvam kommune fram til det vart overført til Ullensvang kommune i 1965. Dette området hadde då 61 innbyggjarar.
Remove ads

Kultur og næringsvegar

Heradet var kjend for jordbruk og fruktdyrking, og for fruktbløminga om våren. Mange av gardbrukarane dreiv med ein kombinasjon av fruktdyrking og sauehald. Det meste av jordbruks- og skogbruksarealet er brattlendt, ofte svært brattlendt. Turisme var den andre viktige næringsvegen.

I Ullensvang låg 6 barne- og ungdomsskular: Kinsarvik skule, Opedal skule, Sekse Oppvekstsenter, Vikebygd skule, Vines skule og Hauso skule. Det fanst ikkje vidaregåande skule i Ullensvang, dei næraste ligg i Odda, Kvam og Voss.

Heradsstyret gjorde vedtak om fleire tusenårsstader i Ullensvang, men éin hovudstad, som er Utne sentrum. Sentrum og kaiområdet vart opprusta, og markeringa av tusenårsstaden, ein skulptur, vart reist. Skulpturen er utforma av kunstnaren Ingunn van Etten og står på kaia. Han vart avduka sommaren 2007.

Ullensvang har dei siste åra fått fleire årlege festivalar:

  • Blømingsfestivalen føregår i Kinsarvik i mai. Her møtest spelemenn og danseglade publikummarar kvart år for å ta del i Vestlandsmeisterskapen i gamaldansmusikk.
  • Hardanger musikkfest er ein kammermusikkfestival som kvar pinsehelg byr på konsertar, vandringar og seminar. Han strekkjer seg over tre kommunar med hovudsete på Lofthus.
  • Morellfestivalen vert skipa til på Lofthus siste helga i juli. Det er ein folkefest med revy, musikk og salsboder.
  • Sommaren 2008 vart også musikkfestivalen Velure Rock skipa til for fyrste gong på Velure, på vestsida av Sørfjorden.

Kjende personar som er knytt til Ullensvang

Remove ads

Biletgalleri

Kjelder

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads