Ulrike Bruns

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ulrike Bruns
Remove ads

Ulrike Bruns, fødd Klapezynski, (fødd 17. november 1953) er ein tysk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Cottbus som representerte Aust-Tyskland. Ho vann bronse på 1500 m i Sommar-OL 1976, på 10 000 m i EM 1986 og på 3 000 m i VM 1987.

Kjappe fakta

Frå midt på 1970-talet var Ulrike Klapezynski ein av verdas fremste mellomdistanseløparar på kvinnesida. Sommaren 1976 sette ho tysk rekord på 1500 meter med 3.59,9. To veker seinare vann ho bronsemedaljen på distansen under dei olympiske sommarleikane i Montreal, einast sju hundredels sekund bak sølvmedaljøren. Sidan kom ho på femteplass på 1500 m i så vel Moskva-OL 1980 som i Friidretts-EM 1982. På tampen av si tid som aktiv sprang Bruns inn til bronsemedalje på 10 000 meter i EM i friidrett 1986 i Stuttgart og på 3 000 m i VM i friidrett 1987 i Roma.

Remove ads

Personlege rekordar

  • 800 meter: 1.57,06 (1976)
  • 1500 m: 3.59,9 (1976)
  • 3 000 m: 8.36,3 (1984)
  • 10 000 m: 31.19,6 (1986)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads