Ulster Unionist Party

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ulster Unionist Party (UUP) er det minste av dei to store unionistiske partia i Nord-Irland. Partiet vert nokre gonger kalla Official Unionist Party (OUP). Fram til 2003 var UUP det største unionistiske partiet i Nord-Irland, men ved valet i Nord-Irland i 2003 fekk Democratic Unionist Party fleire røyster og mandat.

Kjappe fakta Land, Grunnlagt ...

UUP vart skipa den 3. mars 1905 i Ulster Hall i Belfast, under namnet Irish Unionist Party. Partiet sitt fremste føremål var å motverka innføringa av home rule, heimestyre for Irland. Partiet hadde frå byrjinga og heilt fram til 2005 formelle band med Oransjeordenen. I og med delinga av Irland på byringa 1920-talet vart òg den irske unionismen delt og eit eige Ulster-parti vart oppretta. Partiet vart det største i Nord-Irland og var i åra 1921-1972 regjeringsparti i den sjølvstyrande regeringa i Nord-Irland.

Partileiar frå 1995-2005 var David Trimble, som gjekk av etter det som for partiet var eit katastrofalt parlamentsval til parlamentet i Storbritannia. Fem av UUP sine seks representantar vann ikkje att setet sitt i parlamentet. Mellom desse var Trimble sjølv. Den 24. juni 2005 vart sir Reg Empey vald til ny partileiar.

Remove ads

Partileiarar

Meir informasjon Bilete, Namn ...
Remove ads

Valresultat

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads