Unconditionally Guaranteed
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Unconditionally Guaranteed er det åttande studioalbumet til Captain Beefheart og The Magic Band, utgjeve i 1974. Det vart spelt inn i Hollywood Sound i Los Angeles.
Då det kom ut vart det kritisert for å vere for kommersielt, men det selde likevel ikkje særskild godt og nådde berre 192. plassen på Billboard Top 200 i USA.
Remove ads
Etterverknad
Like etter albumet vart spelt inn slutta heile Magic Band. Som biografen Mike Barnes skreiv «Beefheart fekk i røynda sparken i si eiga gruppe.»[5] Dei hadde blitt stadig meir avskrekka av mangelen på økonomisk suksess, etter å ha levd på matkort og donasjonar frå foreldra sine, og med den tyranniske kontrollen Beefheart hadde over gruppa. I følgje gitaristen Bill Harkleroad: «Me hadde fått nok av at han behandla oss som boksesekkar.»[6]
Den tamme og lite utfordrande musikken var dråpen i begeret. Trommeslagaren Art Tripp sa «Då bandet til slutt fekk kopiane våre av albumet var me forskrekka. Etter kvart som me lytta var det som om kvar song vart verre enn den før på plata.»[7]
Etter at kontrakten med Mercury Records tok slutt i 1974, fornekta Beefheart sjølv både denne og etterfølgjaren Bluejeans & Moonbeams. Han bad fansen om å «ta plata til butikken og få pengane attende» og kalla albuma «fryktelege og vulgære».[8]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Don and Jan Van Vliet and Andy DiMartino
Medverkande
- Captain Beefheart (Don Van Vliet) – vokal, munnspel
- Alex St. Clair – gitar
- Zoot Horn Rollo (Bill Harkleroad) – gitar, glasfingergitar
- Rockette Morton (Mark Boston) – bass
- Art Tripp – trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Mark Marcellino – klaverinstrument
- Andy DiMartino – akustisk gitar
- Del Simmons – tenorsaksofon, fløyte
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads