Under the God
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Under the God» er den første offisielle singelen til det engelsk-amerikanske bandet Tin Machine, frå det sjølvoppkalla debutalbumet deira frå juni 1989.
Remove ads
Songinformasjon
«Under the God», kom frå ein demo som opphavleg heitte «Night Train», og var ein song som kraftig kritiserte nynazisme.[1]
Sjølv om «Heaven's in Here» i røynda var den første singelen på albumet, vart denne berre gjeven ut som ein promosingel, slik at «Under the God» vart den første offisielle singelen for sal. Han kom ut etter at albumet var gjeven ut.[2]
Musikkvideo
Bandet valde å ikkje lage musikkvideo for kvar enkelt singel på albumet, og skapte i staden 13 minuttar lang megamix-video av somme av songane. Videoen vart regissert av Julien Temple. «Under the God» vart filma som ei framsyning, der publikum stormar scenen.[3]
Konsertopptak
«Under the God» vart framført på både Tin Machine-turneen i 1989 og It's My Life-turneen i 1991-192. Eit konsertopptak av songen, spelt inn i Sapporo i Japan i 1992, vart inkludert på konsertalbumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby (1992).
Innhald
- 7"-versjonen
- «Under the God» (Bowie) – 4:06
- «Sacrifice Yourself» (Bowie, Sales, Sales) – 2:08
- 10"/12"/CD-versjonen
- «Under the God» (Bowie) – 4:06
- «Sacrifice Yourself» (Bowie, Sales, Sales) – 2:08
- «The Interview» (eit intervju med bandet) – 12:23
Medverkande
Produsentar
- Tin Machine
- Tim Palmer
Musikarar
- David Bowie – solovokal, rytmegitar
- Reeves Gabrels – sologitar
- Hunt Sales – trommer, korvokal
- Tony Sales – bassgitar, korvokal
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads