Unije

From Wikipedia, the free encyclopedia

Unije
Remove ads

Unije (italiensk: Unie) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho er ein del av øygruppa Cres-Lošinj, og er den tredje største av desse med eit areal på 17 km². Administrativt høyrer øya inn under kommunen Mali Lošinj i fylket Primorje-Gorski Kotar.

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Det finst mange viker og strender på øya, med låge åsar som er dekte av eviggrøn krattskog og oliventre.

Den einaste busetnaden på øya er Unije. Det er ein typisk fiske- og bondelandsby som inneheld 280 hus. Husa ligg i ein slak skråning opp frå sjøen på vestsida av øya. Landsbyen ligg ope til, og hamna gjev derfor ikkje god vern mot stormar frå vest og nordvest. Når det er uvêr må småbåtar dragast opp på strendene, medan dei større båtane vert flytta til viker som ligg meir i le på austsida.

Remove ads

Folketal

Året rundt bur det under 100 personar på øya, men om sommaren under turistsesongen er det meir enn 400 buande her.

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Meir informasjon Folketal 2001, Folketal 2011 ...

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads