Universitetet i Agder
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Universitetet i Agder (UiA) er eit norsk universitet i Agder fylke meir enn 14 000 studentar og 1 500 tilsette.
Det vart stifta som Høgskolen i Agder den 1. august 1994, og fekk universitetsstatus den 1. september 2007, som det sjuande universitetet i Noreg. Universitetet består av seks fakultet og ei avdeling for lærarutdanning, og har campusar i Kristiansand og Grimstad. Tidlegare var det ei avdeling for helseutdanning i Arendal, men denne vart nedlagd i 2010. I 2017 vart Agder naturmuseum og botanisk hage del av Universitetet i Agder.
Universitetet tilbyr kring 160 fag- og profesjonsstudiar innan økonomi og leiing, teknologi- og ingeniørfag, humanistiske fag, matematikk, sjukepleie, pedagogikk, musikk, kunstfag og meir. Studiane kan utførast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar. Rektor ved universitetet er frå 2019 Sunniva Whittaker.
Universitetet er også medeigar i statsaksjeselskapet Norwegian Research Centre.
Remove ads
Fakultet
Universitetet i Agder er delt inn i seks fakultet, i tillegg til ei eiga avdelinga for lærarutdanning:[1]
- Fakultet for helse- og idrettsfag
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Fakultet for kunstfag
- Fakultet for teknologi og realfag
- Fakultet for samfunnsvitenskap
- Handelshøyskolen ved UiA
- Avdeling for lærarutdanning
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads