Uret
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Uret (frå latin Horologium) er eit lite og lyssvakt stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula.
Remove ads
Kjende objekt

Stjerner
Uret har ingen lyssterke stjerner. Alfa Horologii er den lysaste og er ei oransje kjempe med storleiksklasse 3,9, 115 lysår frå jorda. Beta Horologii er ei kvit kjempe med storleiksklasse 5,0, 314 lysår frå jorda. Uret har fleire variable stjerner. R Horologii er ei raud kjempe og Mira-variabel med ein stor variasjon, tusen lysår frå jorda. Ho har ei minste storleiksklasse på 14,3 og ein største storleiksklasse på 4,7. Perioden er kring 13 månader.[1]
Djupromsobjekt
Uret har mange djupromsobjekt og det er fleire kulehopar i stjernebiletet. NGC 1261 er ein kulehop med storleiksklasse 8, 44 000 lysår frå jorda.[1] Kulehopen Arp-Madore 1 ligg i stjernebiletet, den mest fjerntliggande kulehopen ein kjenner til i Mjølkevegen, 398 000 lysår unna.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads