Uzeir
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Uzeir (arabisk عزير, hebraisk עֻזֵיר) er ein arabisk landsby nord i Israel. Han ligg nær Nof HaGalil i Nedre Galilea og høyrer til al-Batuf regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 2 600.[2]
Remove ads
Historie
Det er gjort funn frå romersk, bysantinsk og tidleg islamsk tid i landsbyen.[3]
Seint i osmansk tid, i 1875, vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og skildra han som ein stad med 20 hus i ei åsside. Nokre få gamle søyler stod att frå antikken. Ein muslimsk maquam med to små kuplar, tileigna «Neby A'ouzeir» låg i nærleiken.[4] I «Survey of Western Palestina» i 1881 vart landsbyen (kalla El Azeir) skildra som:
Ein steinlandsby ved foten av åsen. Sletta i nord er oppdyrka med bomull, kornsorten bygg, etc. Det bur kring 150 muslimar i landsbyen. Vassforsyninga er cisterner i landsbyen og ein tank.[5]
I folketeljinga i 1922 utført av britiske styresmakter hadde 'Uzair eit folketal på 70, alle muslimar,[6] medan Uzeir i folketeljinga i 1931 hadde 15 busette hus og eit folketal på 88, alle muslimar.[7] I 1945 var folketalet 150 medan det totale landområdet var 766 dekar, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 737 dekar nytta for korn,[9] medan 7 dekar var klassifisert som utbygde område.[10]
I 1948 vart Uzeir erobra av det israelske forsvaret under den andre delen av Operasjon Dekel, 15-18. juli. Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
Remove ads
Sjå òg
- Arabiske stader i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads