Vågan kommune

kommune i Nordland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Vågan kommune
Remove ads

Vågan er ein kommune i Lofoten i Nordland fylke. Han har grense til kommunane Hadsel i nord, Lødingen i aust, og til Vestvågøy over Sundklakkstraumen i vest.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Kommunen omfatter mest heile Austvågøy, Gimsøya og fleire mindre øyer, mellom anna Henningsvær og Skrova. Ein liten bit av Hinnøya høyrer òg til Vågan.

Remove ads

Tettstader i kommunen

Thumb
Vågan-tettstaden Svolvær med Svolvær kyrkje, teke i juni 2005

Næringsliv

Fiskeindustri er den viktigaste næringsvegen, og Vågan er den største oppdrettskommunen og den nest største fiskerikommunen i Nord-Noreg. I tillegg til fiskeritenestar har kommunen òg ein av dei større verkstadindustriane i landsdelen. Andre viktige næringsvegar er reiseliv, handel og tenesteyting.

Kommunikasjoner

Vågan har dagleg flysamband med dei andre kortbaneflyplassane i området og stamrutenettet i Bodø. Svolvær blir dagleg vitja av Hurtigruta medan det finst snøggbåtsamaband til Stokmarknes, Bodø og Narvik. Ferjesamband er det til Skutvik/E6 og mellom Fiskebøl og Melbu mot Vesterålen, og det går bilferjer til Skrova, Brettesnes og Digermulen. Svolvær har gode bussruter i fleire retningar.

Kjente vågaværingar

Thumb
Fråflytta hus på Gimsøy

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vågan kommune


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads