Tina Weirather
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Christina Weirather, kjend som Tina Weirather, (fødd 24. mai 1989) er ein tidlegare alpin skirennar frå Vaduz i Liechtenstein. Ho vann FIS-premien som verdas beste i super-g på kvinnesida i 2017 og på ny i 2018. I den same øvinga sikra ho seg sølvmedaljen under VM i alpine greiner 2017 og bronsemedaljen ved Vinter-OL 2018. Perioden 2013-18 sigra Weirather i ni enkeltrenn i verdscupen i alpine greiner; sju i super-g, eitt i storslalåm og eitt i utfor.
Ho er dotter til Hanni Wenzel og Harti Weirather, alpine skirennarar frå høvesvis Liechtenstein og Austerrike som hevda seg i verdstoppen på 1970/80-talet. Tina Weirather trente elles mykje i lag med det sveitsiske landslaget.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Tina Weirather» frå Wikipedia på tysk, den 18. januar 2022.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads