VM i skiskyting 2020
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdsmeisterskapen i skiskyting 2020, den 51. i rekka, vart avvikla i Antholz i Italia i tida 10. – 23. februar 2020. Meisterskapen omfatta fem individuelle tevlingar for kvinner og like mange for menn, dessutan ein mixstafett der kvart land deltok med to kvinner og to menn på laget, samt ein parstafett der ei kvinne og ein mann veksla om å gå kvar sine to etappar.
Norske Marte Olsbu Røiseland vart den store framgrunnsfiguren i meisterskapen ettersom ho vann medalje i samtlege sju tevlingar ho deltok i, fem gullmedaljar og to bronser. Også landsmannen Johannes Thingnes Bø med tre gull og like mange sølv forsynte seg rikeleg av medaljefata, det same gjorde Dorothea Wierer frå Italia med sine to gull og to sølv, medan Émilien Jacquelin frå Frankrike sikra seg to gullmedaljar og to bronser.
Antholz arrangerte verdsmeisterskap i skiskyting for sjette gong. Tidlegare meisterskap fann stad i 1975, 1976, 1983, 1995 og 2007.
Remove ads
Menn
10 km
Laurdag 15. februar
12,5 km jaktstart
Sundag 16. februar
20 km normal
Onsdag 19. februar
15 km fellesstart
Sundag 23. februar
4 x 7,5 km stafett
Laurdag 22. februar
Remove ads
Kvinner
7,5 km sprint
Fredag 14. februar
10 km jaktstart
Sundag 16. februar
15 km normal
Tysdag 18. februar
12,5 km fellesstart
Sundag 23. februar
4 x 6 km stafett
Laurdag 22. februar
Remove ads
Mixøvingar
Parstafett 6 km + 7,5 km
Torsdag 13. februar
Mixstafett 4 x 6 km
Torsdag 20. februar
Medaljehaust
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Biathlon-Weltmeisterschaften 2020» frå Wikipedia på tysk, den 24. februar 2020.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads