Valentina Jegorova
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Valentina Mikhailovna Jegorova (fødd 16. februar 1964) er ein russisk tidlegare langdistanseløpar frå Tsjuvasjia som vann maratonløpet under Sommar-OL 1992. Ho tok elles EM-sølv 1990 og OL-sølv 1996 på same distansen.
Remove ads
Aktiv
Jegorova kjempa drabeleg mot Rosa Mota frå Portugal under europameisterskapen 1990 i Split. Til sist i maratonløpet seig den portugisiske veteranen ifrå og sikra seg gullmedaljen, Jegorova tok sølv. To år seinare, under dei olympiske sommarleikane i Barcelona, vart Jegorova olympisk meister få sekundar føre japanske Yūko Arimori på andreplass og bronsevinnar Lorraine Moller frå New Zealand. Både i 1993 og 1994 sigra Jegorova i Tokyo maraton. I 1994-sesongane sprang ho elles sitt livs fortaste maraton då ho i Boston maraton kom i mål etter 2 timar 23 minuttar og 33 sekundar. Ho måtte likevel ta til takke med andreplassen etter tyske Uta Pippig.
Under Sommar-OL 1996 i Atlanta vann Jegorova sølvmedaljen i maraton, langt bak etiopiske Fatuma Roba, men atter på plassen framom Yūko Arimori.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Valentina Jegorova» frå Wikipedia på nederlandsk, den 8. juni 2019.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads