Valentyne Suite

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Valentyne Suite er det andre studioalbumet til det britiske rockebandet Colosseum, gjeve ut som det første albumet på Vertigo Records i 1969. Albumet nådde 15. plassen på UK Albums Chart i 1969.[1]

Meir informasjon Colosseum-kronologi ...

Sjølv om songen «The Kettle» er offisielt oppført som skriven av Dick Heckstall-Smith og Jon Hiseman, men i følgje Hiseman sine eigne notat i plateomslaget for albumet, og som produsenten Tony Reeves seinare òg sa, så var songen i røynda skriven av gitaristen og vokalisten James Litherland.[2]

«Valentyne Suite» vart opphavleg skriven med «Beware the Ides of March» som den siste delen, men sidan «Beware the Ides of March» alt var gjeven ut i Storbritannia på Those Who Are About to Die Salute You, vart «The Grass is Always Greener» sett inn som den siste delen i staden for. CD-utgåva følgjer denne britiske utgåva.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Allmusic avskreiv dei tre første spora, og kalla «The Kettle» og «Butty's Blues» som «oppdressa 12-takts blues», og meinte at «Elegy» var for vanskeleg å syngje for James Litherland. Resten av albumet fekk derimot god omtale og soloen til Dave Greenslade på «The Valentyne Suite» vart omtalt som «noko som kan utfordre klassisk Keith Emerson, men med swing.» Dei var kritiske til spelinga til Litherland og Reeves på songen, og konkluderte «I ettertid er kanskje ikkje heilt den klassikaren det vart rekna som då det kom, men det er framleis lyttbart...»[3]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Colosseum

Gjestemusikarar

  • Neil Ardley - dirigent på «Butty's Blues», strykearrangement på «Elegy»

Teknisk

  • Gerry Bron - produsent
  • Tony Reeves - produsent
  • Marcus Keef - design og fotografi
  • Linda Glover - design av innsida
  • Pete Smith - fotografi

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads