Jon Hiseman
britisk ingeniør og trommeslagar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Philip John «Jon» Hiseman (21. juni 1944–12. juni 2018) er ein engelsk trommeslagar, lydteknikar, plateprodusent og musikkutgjevar.
Remove ads
Biografi
I midten av 1960-åra spelte Hiseman på innspelingar som Arthur Brown-singelen «Devil's Grip». I 1966 erstatta han Ginger Baker i Graham Bond Organisation[1] og han spelte ei kort stund med Georgie Fame and the Blue Flames. Han vart så med i John Mayall & the Bluesbreakers i 1968 og spelte på albumet Bare Wires. I april 1968 slutta han for å skipe det kritikarroste jazzrock/progressiv rock-bandet Colosseum.[2][3] Colosseum vart oppløyst i november 1971[4] sjølv om Hiseman seinare skipa Colosseum II med Don Airey og Gary Moore i 1975.

Mellom desse to versjonane av Colosseum, skipa Hiseman bandet Tempest med Allan Holdsworth, Paul Williams og Colosseum-kollega Mark Clarke.
Hiseman har sidan spelt i jazzgrupper, mellom anna med kona si, saksofonisten Barbara Thompson, som han har spelt og produsert femten album. Andrew Lloyd Webber leia etter ein «sound» for eit album med broren Julian på cello, og kom tilfeldigvis over Colosseum II og henta inn heile bandet til å spele på «Variations»-prosjektet sitt. Dette var starten på eit tiårig samarbeid med Hiseman, som spelte trommer på innspelingar, TV-program og musikalar.
I 1982 bygde Hiseman sitt eige innspelingsstudio i heimen sin, og i lag med Barbara Thompson spelte han mykje musikk for film og fjernsyn der. Hiseman var med å skipe United Jazz and Rock Ensemble, eit tysk-basert «Band of Band Leaders», i lag med Barbara Thompson.
Colosseum kom saman att i jun i1994 med den same besetninga som hadde blitt oppløyst 23 år tidlegare. Dei spelte på Freiburg Zelt Musik Festival og følgde opp med ein tysk TV-spesial i oktober, som vart innspelt og gjeve ut på CD og VHS. Konserten kom ut på DVD i 2003. Fleire nye studioinnspelingar følgde, i tillegg til nyutgjevingar av dei gamle albuma deira.
Barbara Thompson kom med i bandet før Dick Heckstall-Smith døydde i 2004 og har sidan vore eit permanent medlem av bandet. Colosseum spelte ein farvelkonsert den 28. februar 2015.
I oktober 2010 kom biografien til Jon Hiseman, kalla Playing the Band. Han var skriven av Martyn Hanson og redigert av den opphavlege Colosseum-manageren, Colin Richardson.[5]
I 2017 skipa Jon Hiseman ein ny trio kalla JCM. Bandet spelte inn albumet Heroes seint 2017 og det kom ut i april 2018. JCM la ut på turné same månaden. Andre medlemmar i bandet er gitaristen/vokalisten Clem Clempsson og bassisten og vokalisten Mark Clarke.
I mai 2018 vart det kjend at Hiseman sleit med ein hjernesvulst.
Remove ads
Utvald diskografi
Med Jack Bruce
- Songs for a Tailor – (1969)
- Things We Like – (spelt inn 1968, utgjeve 1970)
Med Colosseum
- Those Who Are About To Die Salute You – (1969)
- Valentyne Suite – (1969)
- The Grass Is Greener – (1970)
- Daughter of Time – (1970)
- Colosseum Live – (1971)
- Bread and Circuses – (1997)
- Tomorrow's Blues – (2003)
- Live05 – (2007)
Hyllestalbum
- Mike Taylor Remembered – (1973), ei hyllest til Mike Taylor med Ian Carr, Barbara Thompson, Tony Reeves og andre. (utgjeve 2007)
Med Tempest
- Tempest – (1973)
- Living in Fear – (1974)
- Under The Blossom: The Anthology – (2005)
Med Colosseum II
- Strange New Flesh – (1976)
- Electric Savage – (1977)
- War Dance – (1977)
Med United Jazz + Rock Ensemble
- Live Im Schützenhaus (1977)
- Teamwork (1978)
- The Break Even Point (1979)
- Live in Berlin (1981)
- United Live Opus Sechs (1984)
- Highlights (1984)
- Round Seven (1987)
- Na Endlich! (1992)
- Highlights II (1994)
- Die Neunte Von United (1996)
- The UJRE plays Albert Mangelsdorff (1998)
- X (1999)
- The UJRE plays Wolfgang Dauner (2002)
- The UJRE plays Volker Kriegel (2002)
Solo
- A Night in the Sun – (1982)
- About Time Too! – (1991)
Med JCM
- Heroes – (2018)
Remove ads
Litteratur
- Hanson, Martyn: Playing The Band - The Musical Life of Jon Hiseman, 2010, London, Temple Music Books, ISBN 978-0-9566863-0-5
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads