Vallaviktunnelen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vallaviktunnelen er ein tunnel på Fylkesveg 7 og Riksveg 13 i Ulvik og Granvin herad i Hordaland. Tunnelen går mellom Vallavik i Ulvik og Kollanes ved Eide i Granvin. Han er 7510 meter lang, og vart opna i 1985.
Då Hardangerbrua opna 17. august 2013 vart det laga ein arm frå tunnelen og ut til brua.[2] Den nye tunnelarmen møter den gamle tunnelen i ei rundkjøring inne i fjellet. Tunnelopninga ut mot brua er 23 meter høg og dimed den høgaste tunnelopninga i verda.[3]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads