Vampyr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vampyrar er mytiske skapnader kjende for å suge blod av menneske. Dei stammar frå aust-europeisk folketru, men har gått inn i moderne litteratur og populærkultur der dei har utvikla seg vidare.

Originalt høyrer dei til i folkeminne på Balkan og i Romania, der det vart fortald om kvilelause daudingar som drakk blodet av levande. Dette gjorde dei oftast ved å gå til åtak på dei og drikke rett av hjarta. Vampyrane vert rekna til dei vandaude, og kan òg omtalast som blodsugar-draugar (Ola Raknes).
På 1800-talet vart vampyrane nytta i litteraturen, og vart særskild skildra av Bram Stoker i romanen om Dracula. Stoker skapte ein ny forestilling om vampyrane, som kopla dei saman med driftene i borgarskapet. Desse vampyrane drakk av halspulsåra, og slik vert dei mest framstilt i dag.
Vampyrane er sidan vortne populære i ei rekkje filmar og TV-seriar, frå Nosferatu til Buffy the Vampire Slayer. Dei er òg nytta i forfattarskapet til Anne Rice.
Remove ads
Sjå òg
- Vampyrflaggermus
- Kannibal
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads