Van Maanen-stjerna

From Wikipedia, the free encyclopedia

Van Maanen-stjerna
Remove ads

Van Maanen-stjerna (van Maanen 2) er ein kvit dverg. Ho er ein tett, kompakt stjernerest som ikkje lenger genererer energi og har kring 68 %[6] av massen til sola, men berre kring 1,1 %[6] av solradien. Av alle dei kvite dvergane ein kjenner til, er ho den tredje nærmaste til sola, etter Sirius B og Procyon B, og den nærmaste einsame kvite dvergen.[8][9] Ho vart oppdaga i 1917 av den nederlansk-amerikanske astronomen Adriaan van Maanen,[10] Van Maanen-stjerna var den tredje kvite dvergstjerna som vart oppdaga, etter 40 Eridani B og Sirius B, og den første som ikkje var eit medlem av eit fleirstjernesystem.[11]

Thumb
Illustrasjon i kvit dverg.
Kjappe fakta Karakteristikk, Astrometri ...

Van Maanen-stjerna ligg 13,9 lysår frå sola i stjernebiletet Fiskane, kring 2° sør stjerna Delta Piscium,[12] og har relativt høg eigenrørsle på 2,98 bogesekund i året.[13] Ho er for lyssvak til at ein kan sjå ho med det nakne auga.[12] Som andre kvite dvergar er ho særs tett og massen er estimert til å vere kring 63 % av solmassen,[14] men berre kring 1 % av solradien.[15] Den ytre atmosfæren har ein temperatur på kring 6 220 K, som er relativt kjølig til å vere ein kvit dverg. Sidan alle kvite dvertar gradvis stråler bort varmen sin over tid, kan temperaturen nyttast til å estimere alderen hennar, som er trudd å vere kring 3 milliardar år.[7]

Remove ads

Sjå òg

  • næraste stjerner

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads