Gloria av Them
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Gloria» er ein song skriven av den nordirske songaren og låtskrivaren Van Morrison og opphavleg spelt inn av bandet til Morrison, Them i 1964 og gjeven ut som B-sida til «Baby, Please Don't Go». Songen vart ein garasjerock-standard og har blitt spelt av mange andre rockeband. Songen er lett å spele med tre akkordar og derfor lett å lære seg på gitar.
Remove ads
Historie
Morrison sa at han skreiv «Gloria» medan han framførte songen med The Monarchs i Tyskland sommaren 1963, då han vart 18 år gammal.[4] Han byrja å spele songen på Maritime Hotel då han kom attende til Belfast og byrja å spele med The Gamblers som utvikla seg til Them. Han improviserte teksten medan han song, og stundom strekte songen ut til 15 eller 20 minuttar. Etter å ha fått platekontrakt med Dick Rowe og Decca, drog Them til London for å spele inn musikk i Decca Three Studios i West Hampstead den 5. april 1964. «Gloria» var ein av sju songar dei spelte inn den dagen. Utanom Morrison spelte Billy Harrison gitar, Alan Henderson bass, Ronnie Millings trommer og Patrick John McCauley spelte klaverinstrument. Rowe henta inn studiomusikaren Arthur Greenslade på orgel og Bobby Graham på trommer, sidan han meinte Them ikkje hadde erfaring nok. Det har vore diskutert om mikrofonane var sett opp hos Millings eller McCauley, men Alan Henderson meiner at Them var den første rockegruppa som brukte to trommeslagarar på ei innspeling.[5] Somme kjelder hevdar at Jimmy Page spelte andregitar, medan andre kjelder nektar for dette.[6]
«Gloria» var B-side då «Baby, Please Don't Go» kom ut i Storbritannia 6. november 1964. Han kom ut i 1973 på Deram, men gjekk ikkje inn på lista.
Remove ads
Utgjevingar
Originalinnspelinga med Them
- The Angry Young Them (1965)
- The Best of Van Morrison (1990)
- The Story of Them Featuring Van Morrison (1997)
- Van Morrison at the Movies - Soundtrack Hits (2007)
- Still on Top – The Greatest Hits (2007)
Studioversjon med John Lee Hooker
- Too Long in Exile (1993)
- The Best of Van Morrison Volume 3 (2007)
Konsertopptak av Van Morrison
- It's Too Late to Stop Now (1974)
- Van Morrison in Ireland (1981)
- Van Morrison The Concert (1990)
- A Night in San Francisco (med John Lee Hooker) (1994)
- Live at Austin City Limits Festival (2006)
- Astral Weeks Live at the Hollywood Bowl (bonusspor på vinylutgåve) (2009)
- Astral Weeks Live at the Hollywood Bowl: The Concert Film (bonusspor) (2009)
Remove ads
Andre versjonar
- The Gants (frå albumet Roadrunner) – den tidlegaste kjende coverversjonen i november 1965.
- The Bobby Fuller Four gjorde eit konsertopptak av songen i 1965 på nattklubben P.J.'s. Songen vart gjeven ut på Live at PJ's Plus!.
- The Shadows of Knight gav songen ut på singel i desember 1965 og seinare på albumet Gloria. Denne nådde 10. plassen på Billboard Hot 100 i 1966, og gjorde det betre enn den originale Them-versjonen.[7]
- Status Quo (under namnet The Spectres) spelte songen på BBC den 10. september 1966 og som Status Quo på David Symonds Show i 1968.
- The Hombres inkluderte ein versjon av songen på albumet Let It Out (Let It All Hang Out) i 1968.
- The Doors spelte inn songen mellom 1968 og 1970. Ein av desse vart gjeven ut på Alive, She Cried (1983).
- AC/DC spelte ofte songen på dei tidlege konsertane sine. Songaren Bon Scott hadde ofte spelt songen med den første gruppa si The Spektors.
- Patti Smith i 1975 på albumet Horses. Denne versjonen er basert på Morrison sin, men med ny tekst, mellom anna med linja «Jesus died for somebody's sins / But not mine».
- Eddie and the Hot Rods på singelen «96 Tears/Get Out of Denver/Gloria/(I Can't Get No) Satisfaction» som kom ut i Storbritannia i 1976.
- Santa Esmeralda (frå albumet Don't let me be misunderstood) i ein sigøynerdiscoversjon i 1977.
- Jimi Hendrix sin versjon av «Gloria» kom først ut i 1979 på samleplata The Essential Jimi Hendrix Volume Two.
- Joe Strummer sitt band The 101ers spelte inn songen på albumet deira Elgin Avenue Breakdown i 1981.
- Det newzealandske bandet The Pleazers spelte songen live og eit opptak finst på Kiwi Classics, Vol 2.
- U2 song delar av songen mot slutten av «Exit» på nesten alle konsertane sine. Dette finst det opptak av på Rattle and Hum i 1988.
- David Bowie spelte ofte ssongen i 1990 på Sound and Vision-turneen.[8]
- Ein del av introen, gitarsoloen og avslutninga av «Play Guitar» av John Cougar Mellencamp er særs lik delar av «Gloria».
- Energy Orchard gav ut eit konsertopptak i 1993 på albumet deira Shinola.
- Shane MacGowan framførte songen med Van Morrison under BRIT Awards i 1994 og endra «R–I–A» til «I–R–A» då han song refrenget
- Rick Springfield gjorde eit konsertopptak av songen i 2001 på albumet Greatest Hits Alive og har framført songen mange gonger på konsertane sine.[9]
- Popa Chubby gav ut eit konsertalbum i 2003 med songen.
- Tom Petty spelte songen mange gonger på Highway Companion-turneen i 2006, og avslutta dei fleste konsertane med songen på dei tjue konsertane han heldt i The Fillmore Auditorium i San Francisco i 1997.
- The Tragically Hip framførte songen på konsertar.
- Bill Murray opna Crossroads Guitar Festival i 2007 med «Gloria», og sa at det var den einaste songen han kunne spele. Eric Clapton kom inn på scenen for å avslutte songen for han.[10]
- Gandalf Murphy and the Slambovian Circus of Dreams spelte inn songen i ein medley med julesongen «Angels We Have Heard on High» på julealbumet deira A Very Slambovian Christmas i 2008.
- Bruce Springsteen avslutta konserten sin i Hershey Park Stadium den 19. august 2008 med ein versjon av «Gloria», og ropte, «La oss ta det attende til der alt byrja!»[11]
- Billie Joe Armstrong song refrenget G-L-O-R-I-A mot slutten av songen «Horseshoes and Handgrenades» på albumet 21st Century Breakdown i 2009.[12]
- Anthony Kiedis song G-L-O-R-I-A under songen «Venice Queen». «Venice Queen» var ei hyllest til terapeuten Gloria Scott, som døydde kort tid etter at han kjøpte eit hus til ho på Venice Beach i California.
- Iggy Pop spelte inn songen i 2011 på albumet Roadkill Rising
- The 13th Floor Elevators gjorde eit konsertopptak i 1966 som i 2005 kom ut på The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators.
- Dennis Quaid spelte songen med Meat Loaf i 2009 på ein konsert i Winnipeg i Canada.[13]
- Bon Jovi spelte songen som ein del av ein medley under Bon Jovi Live-turneen deira i 2011.[14]
- Simple Minds spelte songen på Neon Lights og har ofte spelt songen på konsertar.[15]
- Pidżama Porno spelte inn songen i 1998 på albumet deira Styropian. Den polske teksten var skriven av Krzysztof Grabowski og Marcin Świetlicki.
- Andre versjonar av Morrison-songen er blitt spelt av mellom andre Grateful Dead, Blues Traveler, R.E.M., Rickie Lee Jones, Johnny Thunders og Blues Magoos.
Remove ads
Ettermæle
Ei forklaring på den tidlause populariteten til songen vart gjeven av Bill Janovitz i AllMusic:[16]
Det vakre med originalen er at Van Morrison berre treng å snakkesyngje i sin Howlin' Wolf-stil, «I watch her come up to my house/She knocks upon my door/And then she comes up to my room/I want to say she makes me feel all right/G-L-O-R-I-A!» for å overføre tenåringsbegjæret sitt. Den originale latinske tydinga av namnet er ikkje tapt for Morrison. Them varierer aldri frå dei tre akkordane, og brukar berre dynamiske endringar for å forsterke spaninga.
«Gloria» vart rangert på 69. plassen på lista til Dave Marsh' i boka The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made. Han skildra songen som ein av få rockesongar som faktisk er så openlyst sexy som ryktet skal ha det til.»[17]
I boka si Rock and Roll: The 100 Best Singles skreiv Paul Williams «I hjartet av udyret... her er noko som er så bra, så reint, at om ingenting anna enn denne plata eksisterte, så ville det likevel ha vore noko kalla rock and roll ... Van Morrison si røyst er ei eld i mørkret, fyrlykta i enden av verda. Resultatet er ein av dei mest perfekte anthem som nokon gong er laga.»[18]
Komikaren Dave Barry sa «Du kan kaste ein gitar ned ei fjellside, og medan han hoppar og sprett nedover, så vil han, av seg sjølv, spele Gloria.»[19]
I 1999 vart «Gloria» av Them innlemma i Grammy Hall of Fame Award.[20] I 2000 vart «Gloria» av Them rangert på 81. plassen på lista til VH1 over dei 100 beste rockesongane gjennom tidene.[21] «Gloria» av Them vart rangert på 208. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2003, men vart flytta ned til 211. plassen i 2010.[22]
Remove ads
Salslister
Them1
Shadows of Knight
Van Morrison og John Lee Hooker
- 1 Som B-side i 1964 til singelen «Baby, Please Don't Go».
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads