Vanna

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vanna
Remove ads

Vanna (eller Vannøya, nordsamisk Várdná eller Vánnjá) er ei øy som ligg ytst i Karlsøy kommune i Troms. Vanna heitte opphavleg Vorn eller Varna, som tyder «den som gjev vern».

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Øya er 232 km², og er den nest største i kommunen og den 17. største øya i Noreg. Øya, som er ei «fjelløy», har ca. 750 innbyggjarar, og det høgste fjellet er Vanntind, 1033 moh.

Det går ferje (Riksveg 863) mellom Skåningsbukt på Vanna og HansnesRingvassøya. Ferja til Vanna tek om lag 40 minutt og det er 7 mil frå Tromsø til Hansnes.

Remove ads

Natur, kultur og næringsliv

Hovudnæringa på Vanna er fiske og det er fleire fiskebruk på øya. I mindre grad vert det drive med sau, gris og rein. Kyrkja på Vanna ligg på vestsida av øya; Sengskroken kirke vart bygd i 1962 (innvigd 02.09.1962) og restaurert 1981/1986. Kyrkja er ei langkyrkje i tre med plass til 225 personar. Hamre Stadion ligg rett sørom kyrkja. Vanna har eit rikt naturliv og gjev gode tilhøve for fiske både på hav og i vassdrag (Skipsfjordelva og Vannareidvassdraget). Av dyreliv finst det til dømes mengder av sjøfugl, havørn, rype, hare og ein og annan kval. Det er planlagd ein vindkraftpark med dei til no største vindmøllene i Noreg på Fakken, mellom Vannvåg og Kristoffervalen. Torsvåg fyr ligg ytst nordvest på øya.

Remove ads

Tettstader og bygder

Thumb
  • Kristoffervalen og Vannavalen

Vannavalen og Kristoffervalen ligg på nordaustsida av Vanna. Her er det hamn, fiskebruk og eit av dei største klippfiskanlegga i Noreg. I Kristoffervalen er det barnehage og her er også redningsskøyta «Erik Bye» med sitt faste mannskap stasjonert.

  • Vannvåg

Vannvåg ligg på søraustsida av Vanna. Her er det hamn og fiskebruk. Grunnskule for den austlege delen av Vanna (65 elevar 2003/2004). Det er barnehage, symjehall, alpinbakke, post og handel. Snøggbåten mellom Tromsø og Skjervøy har stoppestad i Vannvåg.

  • Vannareid

Vannareid ligg på vestsida av Vanna. Her er det grunnskule for den vestlege delen av Vanna (50 elevar 2003/2004). Det er barnehage, post og handel.

  • Burøysund

Burøysund ligg på nordaustsida av Vanna. Dette har vore et svært aktivt fiskevær, men fiskebruket vart nedlagd i 2003. Her ligg Burøysund bygdemuseum.

Torsvåg ligg ytst på nordvestsida av Vanna. Fiskeværet Torsvåg har vore svært aktivt i mange hundre år og har også vore ein viktig kyrkjestad. I dag dannar moloar på begge sider av holmen Kåja ei lun hamn. På Kåja ligg eit av fiskebruka på Vanna, «Torsvågbruket» og på toppen av Kåja er Torsvåg fyr.

Thumb
Frå Torsvåg, lengst nordvest på Vanna.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads