Bislama

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Bislama er eit kreolspråk som blir tala på Vanuatu og Ny-Caledonia. Det er et offisielt språk på Vanuatu saman med fransk og engelsk, og blir brukt som eit lingua franca på øygruppa.[1] Bislama er førstespråk for mange bybuarar i Port Vila og Luganville, og andrespråk for mange andre øybuarar. Størstedelen av ordforrådet i bislama kjem frå engelsk, med ein del andre ord frå vanuatiske språk og fransk. Syntaksen er derimot oseanisk.[2]

Kjappe fakta

Namnet på språket er avleidd frå «Beach-la-Mar», ei nemning for sjøpølse. På 1840-talet blei språket nytta i samband med innhausting og tørking av sjøpølser og sanking av sandeltre. Det er også blitt kalla «Sandalwood English».[3]

Remove ads

Døme

Den vanuatiske nasjonalsongen «Yumi, Yumi, Yumi» er på bislama.

Meir informasjon Dei to første versa av «Yumi, Yumi, Yumi». ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads