Verdscupen i langrenn 1986/Kvinner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i langrenn for kvinner i 1986-sesongen omfatta 14 tevlingar, av dei 9 individuelle renn og 5 stafettar. Tevlingane tok til 7. desember 1985 og vart avslutta 15. mars 1986. Dei ni individuelle renna bestod av to tevlingar over 5 kilometer, fire over 10 km, to 20-kilometerar og ei tremil. Renna fann stad i Labrador City i Canada, Bibawik (2) i USA, Le Saisies i Frankrike, Klingenthal i dåverande Aust-Tyskland, Nové Město na Moravě i dåverande Tsjekkoslovakia, Oberstdorf (2) i dåverande Vest-Tyskland, Kavgolovo i dåverande Sovjetunionen, Lahti (2) i Finland, Falun i Sverige og Oslo (2) i Noreg.
Finlands Marjo Matikainen vann FIS-pokalen med minst mogleg margin. Ho enda eitt poeng føre Marianne Dahlmo og tre poeng framom Brit Pettersen, begge frå Noreg. Matikainen og Pettersen vann kvar sine to renn, medan Gaby Nestler og Simone Opitz, begge Aust-Tyskland, førnemnde Dahlmo og Anne Jahren, begge Noreg, samt finske Jaana Savolainen vann ei tevling kvar.
Remove ads
Individuelt
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 1985/86» frå Wikipedia på tysk, den 9. februar 2021.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads