Verdscupen i langrenn 1997/Menn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Verdscupen i langrenn for menn i 1997-sesongen omfatta 15 individuelle tevlingar og 6 stafettar. Tevlingane tok til 23. november 1996 og vart avslutta 15. mars 1997. Dei 15 individuelle renna bestod av fire tevlingar over 10 kilometer, tre over 15 km, ei på 25 km fire tremiler og to femmiler, samt eitt sprintrenn. Fem av stafettene var på 4 x 10 km, den siste tevlinga gjekk over 18 km der to utøvarar veksla om å gå.

Renna fann stad i Kiruna (2), Falun (2) og Sunne i Sverige, Davos (2) i Sveits, Brusson (2) i Italia, Oberstdorf i Tyskland, Kavgolovo i Russland, Hakuba (2) i Japan, Lahti (2) i Finland, Trondheim (5) og Oslo (1) i Noreg.

Norske Bjørn Dæhlie forsvarte topplassen og sikra seg sin femte FIS-pokal, etter å ha vunne sju av renna. Mika Myllylä frå Finland sigra i tre renn og kom på andreplass i turneringa. Silvio Fauner frå Italia vann begge renna i Japan, medan Vladimir Smirnov frå Kasakhstan, Aleksej Prokurorov frå Russland og Pietro Piller Cottrer frå Italia vann ei tevling kvar.

Remove ads

Individuelt

Meir informasjon Plass, Utøvar ...
Remove ads

Kjelder

fis-ski.com

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads