Verdscupen i langrenn 1999/Menn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i langrenn for menn i 1999-sesongen omfatta 19 individuelle tevlingar og 6 stafettar. Tevlingane tok til 28. november 1998 og vart avslutta 20. mars 1999. Dei 19 individuelle renna bestod av fire tevlingar over 10 kilometer, fire over 15 km, ei på 25 km, fire tremiler og to femmiler, samt fire sprintrenn. Fem av stafettane var på 4 x 10 km, den siste stafetten gjekk over 18 km der to utøvarar veksla om å gå.
Renna fann stad i Muonio (2), Lahti og Vantaa i Finland, Milano og Toblach (2) i Italia, Davos (2) og Engelberg i Sveits, Kitzbühel, Garmisch-Partenkirchen i Tyskland, Seefeld in Tirol, Ramsau am Dachstein (4) i Austerrike, Otepää i Estland, Nové Město na Moravě (3) i Tsjekkia, Falun (2) i Sverige og Oslo (2) i Noreg.
Bjørn Dæhlie frå Noreg vann FIS-pokalen for sjette og siste gong. Han sigra i fem tevlingar og [Mika Myllylä]] frå Finland i fire. Nordmannen Tor Arne Hetland og Mikhail Botvinov, som representerte Austerrike, vann begge to renn kvar. Svenskane Per Elofsson, Mathias Fredriksson og Anders Bergström toppa kvar sitt renn. Det same gjorde norske Espen Bjervig og Thomas Alsgaard, samt Peter Schlickenrider frå Tyskland.
Remove ads
Individuelt
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads