Verdscupen i langrenn 2002/Menn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i langrenn for menn i 2002-sesongen omfatta 20 individuelle tevlingar og 5 stafettar. Tevlingane tok til 24. november 2001 og vart avslutta 23. mars 2002. Dei 20 individuelle renna bestod av tre tevlingar over 10 kilometer, fire over 15 km, ein 20 km, to tremiler, ei femmil, Birkebeinerrennet, samt sju sprint-tevlingar. Tre av stafettane var på 4 x 10 km, to var vekslingsstafettar.
Renna fann stad i Kuopio og Lahti i Finland, Cogne, Brusson, Asiago og Val di Fiemme i Italia, Davos i Sveits, Ramsau og Salzburg i Austerrike, Garmisch-Partenkirchen i Tyskland, Nové Město na Moravě i Tsjekkia, Stockholm og Falun i Sverige, Oslo og Lillehammer i Noreg.
Per Elofsson frå Sverige vann FIS-troféet for andre året i rad. På dei neste plassane kom fire nordmenn. Elofsson vart fyrstemann i fire verdscuprenn. Nordmennene Anders Aukland, Thomas Alsgaard og Jens Arne Svartedal sigra i tre tevlingar kvar. Italienaren Cristian Zorzi vann to tevlingar, medan Johann Mühlegg, Erling Jevne, Håvard Bjerkeli, Trond Iversen og Fabio Maj vann kvar si tevling.
Remove ads
Individuelt
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 2001/02» frå Wikipedia på tysk, den 31. mars 2025.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads