Verdscupen i langrenn 2003/Menn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i langrenn for menn i 2003-sesongen omfatta 21 individuelle tevlingar og 6 stafettar. Tevlingane tok til 26. oktober 2002 og vart avslutta 23. mars 2003. Dei individuelle renna bestod av fire tevlingar over 10 kilometer, fire over 15 km, to 20 km, to tremiler og ei femmil, samt åtte sprint-tevlingar. Fire av stafettane var på 4 x 10 km, to var vekslingsstafettar.
Renna fann stad i Düsseldorf, Oberhof og Reit im Winkl i Tyskland, Kiruna, Borlänge og Falun i Sverige, Kuusamo og Lahti i Finland, Davos i Sveits, Clusone, Cogne og Asiago i Italia, Linz og Ramsau i Austerrike, Kavgolovo i Russland, Otepää i Estland, Nové Město na Moravě i Tsjekkia, Oslo og Drammen i Noreg.
Mathias Fredriksson frå Sverige vann FIS-troféet i suveren stil. Han vart fyrstemann i fem verdscuprenn. Norske Tor Arne Hetland og estiske Andrus Veerpalu vann kvar sine to tevlingar. I tillegg enda tolv tevlingar med tolv ulike vinnarar.
Remove ads
Individuelt
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 2002/03» frå Wikipedia på tysk, den 1. april 2025.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads