Verdscupen i langrenn 2004/Menn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i langrenn for menn i 2004-sesongen omfatta 25 individuelle tevlingar og 8 stafettar. Tevlingane tok til 25. oktober 2003 og vart avslutta 14. mars 2004. Dei individuelle renna bestod av ei tevling over 10 kilometer, sju over 15 km, sju tremiler, ei femmil og eit 70 km langt turrenn, samt åtte sprint-tevlingar. Fem av stafettane var på 4 x 10 km, tre var vekslingsstafettar.
Renna fann stad i Düsseldorf og Oberstdorf i Tyskland, Beitostølen, Trondheim, Drammen og Oslo i Noreg, Kuusamo og Lahti i Finland, Toblach, Val di Fiemme og Pragelato i Italia, Davos i Sveits, Ramsau i Austerrike, Falun, Stockholm og Umeå i Sverige, Otepää i Estland, Nové Město na Moravě i Tsjekkia, La Cusaz i Frankrike.
René Sommerfeldt frå Tyskland vann FIS-troféet i suveren stil. Han vart fyrstemann i to verdscuprenn, nett som Mathias Fredriksson, Jens Arne Svartedal, Frode Estil, Anders Aukland, Andrus Veerpalu, Christian Hoffmann og Thobias Fredriksson. Ni av elleve tevlingane med ni ulike vinnarar.
Remove ads
Individuelt
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 2003/04» frå Wikipedia på tysk, den 2. april 2025.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads