Verdscupen i skiskyting 2023
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i skiskyting 2023 tok til 27. november 2022 og vart avslutta 19. mars 2023. Turneringa omfatta 21 individuelle tevlingar for menn og 20 for kvinner, samt ei rekke stafettar. Renna fann stad i Kontiolahti i Finland, Hochfilzen i Austerrike, Le Grand-Bornand i Frankrike, Pokljuka i Slovenia, Ruhpolding i Tyskland, Antholz i Italia, Nové Město na Moravě i Tsjekkia, Östersund i Sverige og Oslo i Noreg.
Dei mannlege utøvarane tevla i tre 20 km normalprogram, sju stk 10-kilometer sprint og like mange jaktstartar à 12,5 km, samt fire 15 km-lange fellesstartar. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km. Med sine 16 rennsigrar var Johannes Thingnes Bø frå Noreg vann verdscupen for fjerde gong, medan landsmennene Sturla Lægreid og Vetle Sjåstad Christiansen kom på andre- og tredjeplass.
Kvinnene tevla i tre 15 km normalprogram, sju stk 7,5 km sprint-tevlingar, seks jaktstartar à 10 km og fire fellesstartar à 12,5 kilometer. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 6 km. Frankrikes Julia Simon sikra seg det største IBU-trofeet, med god margin til italienarane Dorothea Wierer og Lisa Vittozzi som vart nummer 2 og 3 i turneringa.
Remove ads
Menn
Individuelt
Remove ads
Kvinner
Individuelt
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Biathlon-Weltcup 2022/23» frå Wikipedia på tysk, den 20. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads