Verdscupen i skiskyting 2024
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdscupen i skiskyting 2024 tok til 26. november 2023 og vart avslutta 19. mars 2024. Turneringa omfatta 21 individuelle tevlingar for menn og like mange for kvinner, samt ei rekke stafettar. Renna fann stad i Östersund i Sverige, Hochfilzen i Austerrike, Lenzerheide i Sveits, Oberhof og Ruhpolding i Tyskland, Antholz i Italia, Oslo i Noreg, delstaten Utah i USA og Canmore i Canada.
Dei mannlege utøvarane tevla i tre 20 km normalprogram, sju stk 10-kilometer sprint og like mange jaktstartar à 12,5 km, samt fire 15 km-lange fellesstartar. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km. Med sine 8-åtte rennsigrar vann Johannes Thingnes Bø frå Noreg verdscupen for femte gong. På dei neste plassane kom bror hans, Tarjei Bø, og landsmennene Johannes Dale, Sturla Lægreid og Vetle Sjåstad Christiansen.
Kvinnene tevla i tre 15 km normalprogram, sju stk 7,5 km sprint-tevlingar og like mange jaktstartar à 10 km og fire fellesstartar à 12,5 kilometer. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 6 km. Lisa Vittozzi frå Italia vann verdscupen, etter ein jamn strid mellom franske Lou Jeanmonnot på andreplass, norske Ingrid Tandrevold på tredjeplass og nummer fire, franske Justine Braisaz-Bouchet som med sine 5-fem enkeltsigrar vann flest renn av alle kvinnene.
Remove ads
Menn
Individuelt
Remove ads
Kvinner
Individuelt
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Biathlon-Weltcup 2023/24» frå Wikipedia på tysk, den 26. mars 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads