Verdsmeisterskapen i sjakk 2014
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdsmeisterskapen i sjakk 2014 var ein tittelkamp i sjakk mellom regjerande verdsmeister Magnus Carlsen og utfordrar Viswanathan Anand (vinnar av kandidatturneringa).[2] Tittelkampen blei spelt i Sotsji i Russland, og det var satt av tre veker til hendinga, frå 7. til 28. november 2014. Formatet for kampen var «best av tolv parti», der siger gir eitt poeng, og remis gir eit halvt poeng til kvar spelar. Spelaren som først når seks og eit halvt poeng, står att som ny verdsmeister. Den 23. november avgjorde Carlsen med siger mot Anand i det ellevte partiet, og den totale poengsummen 6½ mot 4½. Det var difor ikkje naudsynt å spele alle tolv partia.
Remove ads
Kandidatturneringa
Kandidatturneringa gjekk føre seg i Khanty-Mansijsk i perioden 12.–31. mars 2014. Alle spelarane møtte kvarandre to gonger, der uavgjort ga ½ poeng og seier 1. Viswanathan Anand vann turneringa, og blei dermed kvalifisert til å møte Magnus Carlsen i kampen om Verdsmeister-tittelen.
Deltakarar
Resultat
Remove ads
Verdsmeisterskapen
Timeplan
Kvart parti starta klokka 15.00 MSK (UTC+3, dvs. klokka 13.00 norsk tid).[3]
Premiering
Premiane blir utbetalte i Euro og fordelt med 60% til vinnaren og 40% til andreplassen.
Totalt | 1.000.000 |
Vinnar | 600.000 |
2. plass | 400.000 |
Resultat
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads