Verona av Koit Toome og Laura

From Wikipedia, the free encyclopedia

Verona av Koit Toome og Laura
Remove ads

«Verona» er ein song frå 2017 av Koit Toome og Laura. Songen vann den estiske songtevlinga Eesti Laul 2017 og var det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Verona» er skriven av Sven Lõhmus, som tidlegare hadde skrive dei estiske Eurovision-bidraga «Let's Get Loud» (2005), «Rändajad» (2009) og «Rockefeller Street» (2011). Songen blei til etter at Lõhmus hadde vore ein tur i den italienske byen Verona. Songen er også blitt skildra som «ei moderne tolking av Romeo og Julie».[2]

«Verona» var eitt av 20 bidrag i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2017, arrangert av kringkastaren Eesti Rahvusringhääling (ERR).[3] «Verona» kvalifiserte seg frå semifinalen 21. februar og vann seinare finalen 4. mars 2017 i Saku Suurhall i Tallinn. Gjennom sigeren ble «Verona» det estiske bidrag til Eurovison Song Contest.[4][5]

Eurovision Song Contest

I januar 2017 blei Estland trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest.[6] Semifinalen blei arrangert i International Exhibition Centre i Ukraina torsdag 11. mai, og Estland hadde startnummer 16.[7] «Verona» enda på 14. plass i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikke til finalen laurdag 13. mai.[8][9]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2017), Høgaste plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads