Vesdre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vesdre (tysk: Weser) er ei elv aust i Belgia, i provinsen Liège, og ei av sideelvene til Ourthe frå høgre. Ho har sitt utspring i Hautes Fagnes, nær grensa til Tyskland nær Monschau. Ho renn gjennom ein kunstig innsjø (Barrage de la Vesdre), og så gjennom landsbyane Eupen, Verviers, Pepinster og Chaudfontaine. Vesdre munnar ut i Ourthe eit par kilometer frå Liège. Den totale lengda hennar er om lag 60 km.
Vatnet i Vesdre er surt (på grunn av myrene Hautes Fagnes), og var derfor nyttig for tekstilindustrien rundt Verviers. I dag vert vatnet i Vesdre stort sett brukt til drikkevatn.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads