Vesle Zab

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vesle Zab
Remove ads

Vesle Zab eller Nedre Zab (arabisk الزاب الاسفل, al-Zāb al-Asfal; kurdisk Zêy Koya eller Zêyê Biçûk; farsi زاب کوچک, Zâb-e Kuchak; assyrisk ܙܒܐ ܬܚܬܝܐ, Zāba Taḥtāya) er ei elv som spring ut i Iran og munnar ut i Tigris like sør for Al Zab i Kurdistan-regionen i Irak. Elva er kring 400 km lang og drenerer eit område på kring 22 000 km². Elva får vatn frå regn og snøsmelting, og har høgast vassføring om våren og låg vassføring om sommaren og tidleg på hausten. Det er bygd to demningar i Vesle Zab som regulerer vassføringa og som bidreg til at ein kan vatne jordbruksområda og skape vassenergi. Zagrosfjella har vore busette sidan minst nedre eldre steinalder, men dei tidlegare arkeologiske funna i nedslagsfeltet til Vesle Zab, Barda Balka, er datert til midtre eldre steinalder. Ein har gjort funn ved Vesle Zab i alle arkeologiske periodar sidan den gongen.

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Elveleiet

Vesle Zab spring ut i Zagrosfjella i Iran i ei høgd på kring 3000 moh.[2] I den øvre leia renn Vesle Zab gjennom dei større fjellkjeldene som utgjer Zagrosfjella. Elva renn derfor gjennom dalane som hovudsakleg går frå nordvest til søraust, parallelt til dei store fjellkjedene i Zagros, og endrar berre retning brått der ho skjer gjennom desse fjella i tronge kløfter.[3] Vesle Zab renn ut på sletta sør for Dukan, der ho først går om lag vestover før ho svingar sørvestover oppom byen Altun Kopru og munnar ut i Tigris nær byen Al Zab.[4] Dei fleste sideelvane til Vesle Zab har samløp oppfor Dukan, og dei største av desse er Baneh og Qala Chulan.[3] Fleire mindre elvar munnar ut i Vesle Zab på Ranyasletta, som i dag delvis er dekt av Dukansjøen.[5]

Ein liten del av Vesle Zab dannar grensa mellom Iran og Irak, og langs den nedre leia dannar ho grense mellom Erbil guvernement og Sulaymaniyah guvernement, og mellom Erbil og Kirkuk guvernement. Elva får vatn frå snøsmelting og regn, og har størst vassføring frå februar til mai. Lågast vassføring har ho frå juli til oktober. Middelvassføringa til Vezle Zab er 197,8 kubikkmeter i sekundet, men på det meste er vassføringa vorte målt til 3 420 kubikkmeter per sekund. I året renn det 7,2 kubikkilometer med vatn ut elva.[6][7][8] På grunn av dei mange stryka i elva kalla arabiske geografar Vesle og Store Zab for «besette av demonar».[1]

Remove ads

Nedslagsfelt

Nedslagsfeltet til Vesle Zab dekkjer kring 22 000 km²;[2][9] frå staden der Dukandammen er bygd. Størsteparten av vassdraget (74 %) ligg innafor Irak, og resten i Iran.[9] I nord grensa nedslagsfeltet til Store Zab og i sør til elvane Adhaim og Diyala.

Vezle Zab kryssar særs mangfaldige klimatiske og økologiske sonar. Årsnedbøren langs leia går frå meir enn 1000 mm i dei iranske Zagrosfjella, til mindre enn 200 mm ved samløpet med Tigris nær Al Zab.[10] Middeltemperaturen følgjer eit liknande mønster, der fjelldalane generelt har langt kaldare vintrar enn foten av fjella medan somrane er langt varmare i låglandet.[11] I dei høge Zagrosfjella er det tre forskjellige økosonar. Tregrensa er på kring 1800 moh. Den dominerande vegetasjonen mellom 1800 og 610 moh. var open eikeskog, men det er ikkje mykje att av denne originale vegetasjonen. Elvedalane er dominert av planter som likar mykje vatn og myrlendte område var tidlegare utsett for malaria. Mange av dei er i dag drenerte.[12][13][14] Foten av fjella, særleg Arbilsletta, er tungt oppdyrka, men det finst naturleg vegetasjon her og der.[15]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads